Hei, FRISØR – klar for ein grøn sommar i Hardanger?
Fimum As
Tyssevikvegen 28, 5730 Ulvik
Om jobben
- Oppstart
- Etter avtale
- Stillingstittel
- Frisør
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100% og deltid 60%
- Arbeidstid
- Skift, dagtid og kveld, ukedager og lørdag
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Send søknad til
Floke Ulvik søkjer sommarvikar i 2-3 månader (oppstart etter avtale)🌿
Vil du jobba i ein veletablert, grøn og fagleg sterk salong i sommar? Me leitar etter ein dyktig frisør som vil bli ein del av vårt nytenkande og framtidsretta konsept. Sjølv om dette i utgangspunktet er eit vikariat, er det gode moglegheiter for vidare samarbeid for den rette personen.
Kvifor velje Floke?
Floke er leiande på det grøne skiftet i Noreg. Med 7 avdelingar spreidd rundt i landet - frå hjartet av Oslo til vakre Ulvik - er me ein god gjeng med dyktige frisørar som er kreative og innovative. Me jobbar 100 % grønt og er sertifisert som Grøn Salong. Det betyr:
-
Ingen allergiframkallande eller hormonforstyrrande stoff.
-
Ei berekraftig og attraktiv frisørnæring.
-
Betre helse for både deg som frisør og for kundane våre.
Din kvardag hos Floke Ulvik
Eg som driv salongen i Ulvik, Ina, har sjølv kjent på kroppen korleis tradisjonell kjemi påverkar helsa. I dag jobbar eg utan plagar og er stolt over å tilby ein trygg arbeidsplass midt i Hardanger sitt flottaste naturparadis. Her får du:
-
Full opplæring i grøn frisørdrift og berekraft.
-
Jobba med ekspertar: Bli ein del av eit fellesskap som har fostra nominasjonar til Årets Kolorist og Årets Brynsstylist.
-
Gode vilkår: Konkurransedyktige betingelsar, kurs og fagleg påfyll.
-
Verdier som betyr noko: Me styrer etter Mot, Omtanke og Respekt.
Kven er du?
Me ser etter deg som er lidenskapeleg oppteken av faget, miljøet og helsa di.
Me ønskjer at du:-
Har svennebrev som frisør.
-
Er positiv, initiativrik og omgjengeleg.
-
Jobbar sjølvstendig og er ein god bidragsytar til arbeidsmiljøet.
-
Snakkar norsk (eller eit anna skandinavisk språk).
Hjå Floke rekk du ikkje å kjeda deg! Me tilbyr ein fantastisk arbeidsplass i ei verksemd i sterk vekst, der me heiar på kvarandre og byggjer gode team.
Praktisk informasjon
-
Stilling: Vikariat (juni--august), stillingsprosent etter avtale.
-
Oppstart: Etter avtale
-
Arbeidsstad: Tyssevikvegen 28, 5730 Ulvik.
Då håpar me at du kontaktar oss for ein heilt uforpliktande prat. Send ein enkel søknad og CV til ina@floke.no.
Me gler oss til å høyra frå deg! 🌿
Praktisk informasjon
Stilling: Vikariat med mogleigheit for fast stilling
Oppstart: Etter avtale
Søknadsfrist: 1. juni 2026
Varme helsingar,
Ina -- Floke Ulvik 🌿
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Floke Ulvik er meir enn berre ein frisørsalong. Me er eit heilskapleg skjønnheitsunivers der kvalitet, berekraft og velvære står i sentrum. Me er sertifisert Grøn Salong, noko som betyr at alle produkta våre er godkjende etter Grøn Salong si forbodsliste. Dette er viktig -- både for miljøet, kundane og oss som jobbar her.
Me tilbyr alt frå klipp, farge og kur til bryn, vipper, ansiktsvoks og heilskapleg velvære. Me brukar merke som Hårologi, Davines Naturaltech, K18, Lyng og sminke frå Jane Iredale.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b2e2ee4f-7d45-4fbe-ba65-adf507c40293
- Sist endret
28. april 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
b2e2ee4f-7d45-4fbe-ba65-adf507c40293