Embete som jordskiftedommar ved Møre og Romsdal jordskifterett
Domstoladministrasjonen - Dommerstillinger
Julsundvegen 9, 6412 Molde
Om jobben
- Stillingstittel
- Embete som jordskiftedommer ved Møre og Romsdal jordskifterett
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 18. januar
Om stillinga
Vil du ha ein jobb der du både får bryne deg på eit stort spekter av juridiske oppgåver samstundes som du har ei viktig samfunnsrolle – nemleg å skape tillit mellom naboar og styresmakter?
I rolla som jordskiftedommar vil du handtere saker som spenner frå naboar som treng å avklare vegrett, usemjer knytte til jaktrettar og disputtar om eigedomsgrenser. Mange av partane er sjølvprosederande, så i tillegg til jordskiftefagleg spissfindigheit, må du bruke mellommenneskeleg kløkt og evne å formidle jussen på ein folkeleg måte.
Ein annan svært positiv side ved denne jobben er variasjonen gjennom arbeidskvardagen – og då tenker vi verken på dei jordskiftefaglege problemstillingane eller partane du møter, men korleis jobben blir utført. Du kan sitje på kontoret den eine dagen og vere på synfaring den andre.
Vi søkjer etter deg som er jordskiftekandidat / master i eigedom /master i areal og eigedom, og har arbeidd mellom anna innan jordskifte, eigedom og eigedomssaker.
Det blir ledig embete som jordskiftedommar ved Møre og Romsdal jordskifterett, ved rettsstaden Molde. Tiltreding etter nærare avtale.
Arbeidsoppgåver
Dei viktigaste arbeidsoppgåvene dine vil vere:
- å planleggje for gjennomføring av tildelte saker på ein effektiv måte
- å leie rettsmøte
- å leie rettsmeklingar
- å skrive avgjerder i eigne saker
- å bidra til gode fagmiljø gjennom deling av kunnskap og erfaringar
Kven er du?
Krava vi stiller for å bli jordskiftedommar, er:
- jordskiftefagleg utdanning på mastergradsnivå som oppfyller vedtekne kompetansekrav
- brei yrkes- og livserfaring er ønskjeleg, noko du vil få bruk for i dei mange ulike sakene du vil handtere og i møte med menneske
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne, med eit språk alle kan forstå
- analytiske evner, noko som kjem godt med ettersom sakene er komplekse og krev eit trena auge
- evne til å jobbe sjølvstendig og å ta vanskelege avgjerder
Du må vere norsk statsborgar. Det krevst uttømmande politiattest dersom du blir innstilt.
Personlege eigenskapar
- Du skapar tillit og er tydeleg. Samstundes har du stor respekt for kompteansen og erfaringa til medarbeidarane dine.
- Du er samarbeidsorientert og forstår kor viktig det er å involvere og motivere medarbeidarane i utviklinga av domstolen.
- Du må ha god gjennomføringsevne og evne til å ta avgjerder.
- Brei yrkes- og livserfaring er ønskjeleg, noko du vil få bruk for i dei mange ulike sakene du vil handtere, og i møte med menneske.
Det vil bli lagt vekt på om du er personleg eigna for embetet.
Vi tilbyr
Forutan ein svært variert arbeidskvardag og eit viktig samfunnsoppdrag, kan vi tilby deg følgjande i denne stillinga:
- stort rom for fagleg utvikling. Du vil jobbe i kjernen av utviklinga av jordskiftefaget.
- eit omfattande introduksjonsprogram for nye dommarar
- årlege oppdaterings- og etterutdanningstilbod og moglegheit for éin månads studiepermisjon kvart fjerde år
- ein heilt fabelaktig natur i nærområdet, som du kan nyte både i jobben og på fritida
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
Ved tilsetjing tilbyr vi årsløn som for tida er kr. 1.049.200,-, jf. hovudtariffavtalen. Frå lønna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Skyss- og kostgodtgjersle etter statens regulativ. Jordskifteretten har ei felles bilordning, og søkjaren må ha førarkort for bil.
Mangfald i Noregs domstolar
Det er viktig at dei tilsette i norske domstolar representerer eit godt mangfald med ulik bakgrunn og livserfaring. Vi har i dag eit rikt og fleirkulturelt samfunn. Noregs domstolar ønskjer derfor å rekruttere fleire medarbeidarar som har ein fleirkulturell bakgrunn, ulik arbeids- og livserfaring, funksjonsnedsetjing og hol i CV-en. Dette vil gi domstolane viktig kunnskap i utføringa av samfunnsoppdraget.
Mangfald er ein styrke, og vi vil leggje til rette for tilsette med ulike behov. Les meir om moglegheita for positiv særbehandling på https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling.
Generelle føresgner
Den som blir utnemnd må, utan erstatning finne seg i dei endringane som måtte bli gjorde i rettskrinsane og i organiseringa av domstolane, til dømes samanslåing med andre domstolar. Omorganisering kan føre til bortfall av leiaransvar, administrative oppgåver, endring av tittel og/eller ny kontorstad.
Personopplysningar i søknaden til stillinga og i CV-en vil bli handterte i samsvar med lov om behandling av personopplysninger. Du kan lese meir om personvern på domstol.no. Her finn du også generell informasjon om domstolane.
Vi utarbeider offentleg søkjarliste og viser til offentleglova § 25 andre ledd for høvet til å bli utelaten frå denne lista. Etter at søknadsfristen har gått ut, vil offentleg søkjarliste vere tilgjengeleg på Søkerlister - Innstillingsrådet for dommere | Norges domstoler.
Generell informasjon til søkjarane finst på www.domstol.no/innstillingsradet.
Søknad med CV, vitnemål og attestar må sendast elektronisk via lenkje på denne sida: «Søk denne stillinga». Ver venleg å opplyse i søknaden kvar du først såg stillinga.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Gjennom den sjølvstendige stillinga og den høge faglege kvaliteten er domstolane samfunnet sin fremste konfliktløysar. Domstolane yter hjelp til vern av den einskilde sine rettar. Eit viktig mål for domstolane er å skape tillit blant folket ved forsvarleg, upartisk og effektiv dømande verksemd.
Domstolane har vesentlege utfordringar i tilpassinga til nye samfunnstilhøve og lovgjeving, samt struktur- og oppgåveendringar. Fagleg utvikling, innføring av ny teknologi og godt arbeidsmiljø vil ha stor merksemd framover.
Dommararbeidet stiller strenge krav til fagleg dugleik, personlege eigenskapar og brei yrkes- og livserfaring.
For domstolleiarane vil det verte lagt vekt på røynsle og interesse innanfor leiing og personaladministrasjon.
Ved utnemninga vil det verte lagt vekt på å spegle mangfaldet i folket med omsyn til kjønn, alder, kulturell bakgrunn og røynsle. Kvinner vert oppmoda om å søkje.
Møre og Romsdal jordskifterett er ein av Noregs 19 jordskifterettar.
Møre og Romsdal jordskifterett har rettsstadar i Ørsta. Molde og Surnadal, og har 19 stillingsheimlar fordelt på 1 jordskifterettsleiar, 6 jordskiftedommarar, 1 jordskiftedommarfullmektig, 8 ingeniørar/ teknisk utgreiar og 3 saksbehandlarar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6b6041f8-ada8-4fb3-9542-e11efda57793
- Sist endret
15. desember 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10273674
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Den høyere påtalemyndighet
Sted
Bergen, Molde, Stavanger
Arbeidsgiver
Høgskolen i Molde
Sted
Molde
Vi søker sykehjemsleger
Arbeidsgiver
Molde kommune Helsetjenester
Sted
Molde