Hopp til innhold

Høgspentinstallatør /energimontør

Arbeidsgiver

Tussa

Sted

Indrehovdevegen 67, 6160 Hovdebygda, Saunesmarka, 6065 Ulsteinvik, Tonningsgata 27, 6783 Stryn, Mjølstadnesvegen 4, 6090 Fosnavåg

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Installatør høgspent/energimontør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Tussa Installasjon 

Tussa Installasjon er ein av dei leiande elektroentreprenørane i regionen, med over 75 år med erfaring i bransjen. Selskapet tilbyr eit breitt spekter av elektrotekniske tenester for både privatkundar og næringsliv. Med avdelingar i Ørsta, Ulsteinvik, Fosnavåg og Stryn er vi tett på kundane våre og har eit sterkt lokalt fotfeste.

Tussa Installasjon har over 150 medarbeidarar og ein sterk fagleg organisasjon. Vi har bygd opp solid kompetanse og lokalkunnskap gjennom fleire tiår, og arbeider målretta for å levere framtidsretta og miljøvennlege løysingar.

Vi tilbyr tenester innan dei fleste elektrofaglege disiplinane, inkludert sterkstraum, svakstraum, automasjon, tele og data. Faget vårt er i stadig utvikling, og vi legg stor vekt på kontinuerleg fagleg oppdatering for å møte krava både i dag og i framtida.

Video: https://youtu.be/hdlNkgF-R3U?si=r8ozs1k3Rw5QJ7P1

Høgspentinstallatør/energimontør

Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk installatør/energimontør som vil ta ei nøkkelrolle i satsinga vår på høgspenning. Målet er å etablere eit solid fagmiljø som gjer oss i stand til å utføre eige høgspentarbeid i prosjekta våre.

Hos oss får du:
  • Ei sentral rolle i ei framtidsretta satsing
  • Tett samarbeid med erfarne kollegaer
  • Høve til å forme eit nytt fagmiljø frå grunnen av

Vi har kontor i Fosnavåg, Ulsteinvik, Stryn og Ørsta, og prosjekta våre blir gjennomført i heile landet, med hgovudtyngd på Søre Sunnmøre. Oppmøtestad kan tilpassast dine ønskje.

Arbeidsoppgåver
  • Etablere og leie ei høgspentavdeling
  • Vere fagleg ansvarleg/installatør i Elvirksomheitsregisteret (DSB)
  • Ansvar for at elektroarbeid blir planlagt, utført og kontrollert i samsvar med gjeldande forskrifter og normer (FKE, NEK 400, NEK 440 osb.)
  • Ta del i tilbodsarbeid, kalkulasjon og teknisk rådgjeving innan elektro og høgspent
  • Rekruttere, utvikle og leie medarbeidarar i ei ny avdeling
  • Leggje til rette for at avdelinga kan ta ansvar for større totalleveransar innanfor høgspentfaget
Kvalifikasjonar
  • Høgspentintallatør eller kvalifikasjonar for å kunne gjennomføre installatørprøva (FKE § 7)
  • Erfaring frå arbeid ved høgspentanlegg
  • Kompetanse innan eitt eller fleire av følgjande område er ønskjeleg:
    •  Fornybar energi
    •  Kraftverk
    •  Store ladestasjonar
    •  Erfaring frå arbeid med lågspent, til dømes bygg, industri, maskiner og leidningsanlegg er ein fordel
  • Leiarerfaring eller ambisjonar om å byggje opp og leie eit nytt fagmiljø
  • Førarkort klasse B

Om bedriften

Tussa er eit leiande energi- og teknologikonsern på Nordvestlandet. Vi produserer fornybar energi, byggjer og driftar fibernett, tilbyr IT-tenester og er ein stor elektroentreprenør. Om lag 300 medarbeidarar jobbar i Tussa. 

 

Hovudkontoret vårt er i Ørsta, i hjartet av Sunnmørsalpane med fantastiske høve for friluftsaktivitetar. 

Sektor

Privat

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

6b55c9a7-c5d5-402d-a406-2bc1182e2032

Sist endret

8. desember 2025

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10270413

Lignende annonser

Laster lignende annonser