Rådgjevar/koordinator - samarbeidssekretariatet i Helsefelleskapet i bergensområdet
Samnanger kommune
Tyssevegen 217, 5650 Tysse
Om jobben
- Stillingstittel
- Rådgjevar/koordinator - samarbeidssekriteriat i Helsefelleskapet i bergensområdet
- Type ansettelse
- Fast, deltid 50%
- Arbeidsspråk
- Skandinavisk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest søndag 4. januar
Om stillinga
Me søkjer ein engasjert og strukturert medarbeidar til samarbeidssekretariatet i Helsefellesskapet i bergensområdet, i 50 % stilling. Stillinga er eit samarbeid mellom dei fem kommunane Askøy, Austevoll, Bjørnafjorden, Samnanger og Øygarden, og er kommunane sin felles ressurs i sekretariatet.
Samarbeidssekretariatet er eit viktig koordinerande organ i helsefellesskapet, og skal mellom anna bidra til at sakene som skal handsamast, er godt opplyste. Sekretariatet skal arbeide for opne og inkluderande prosessar som tek vare på samhandlingsinteressene mellom kommunane og spesialisthelsetenesta, og på tvers av einingar og fagområde.
Som medlem av sekretariatet vil du ha ei sentral rolle i å sørgje for at saker er godt forankra, at grunnlaget for avgjerder er tydeleg, og at samarbeidsarenaene fungerer effektivt.
Stillingen i samarbeidsekretariatet ligg under kommunalsjef helse og omsorg i Samnanger kommune, då kommunalsjef der er leiar for områdeutvalget i Bergensregionen. Arbeidsstaden vil vere der det er mest føremålstenleg ut frå ønskja til søkjaren og eventuelt anna stilling den er kombinert med.
Arbeidsoppgåver
- Sekretariatsfunksjon for Helsefellesskapet i bergensområdet, med særleg ansvar for saker som gjeld kommunane Askøy, Austevoll, Bjørnafjorden, Samnanger og Øygarden
- Halde seg orientert om saker som blir handsama av områdeutvala, faglege samarbeidsutval og andre samarbeidsorgan
- Fungere som bindeledd i samhandlingsstrukturen og medverke til å plassere ansvar for handsaming av saker i rett samarbeidsorgan
- Følgje opp vedtak og tiltak på tvers av nivå og sektorar
- Medverke til god informasjonsflyt mellom partane og bidra til at kommunane har god oversikt over samhandlingsfeltet
- Delta i utviklings- og forbetringsarbeid innan samhandling i helsefellesskapet
Kvalifikasjonar
Krav- Relevant høgare utdanning (helse-, samfunns- eller administrasjonsfag)
- Ønskjeleg med erfaring frå offentleg forvaltning og/eller helse- og omsorgssektoren
- God forståing for samhandling mellom kommunehelsetenesta, spesialisthelsetenesta og brukarrepresentantar
- Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner
- Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og med mange aktørar samstundes
Personlege eigenskapar
- Du er samarbeidsorientert og relasjonssterk
- Du har systemforståing og evne til å sjå heilskapen
- Du trivst med å leggje til rette for gode prosessar og avgjerder
- Du er initiativrik, fleksibel og løysingsorientert
Me tilbyr
- Ei spennande rolle i skjeringspunktet mellom kommune, spesialisthelseteneste, fastlegar og brukarar
- Eit engasjert og kompetent fagmiljø
- Fleksibel arbeidstid
- Gode moglegheiter til å påverke utviklinga av helsetenestene i regionen
- For søkjarar med særleg relevant kompetanse kan kommunane vurdere å leggje til rette for ein høgare stillingsprosent
- Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
- Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Gunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Fleksible arbeidstidsordningar
- Gode velferdsordningar
Arbeidstilhøve
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera godkjent av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse, HR-dir. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
I hjarta av gamle Hordaland, midt mellom Bergen og Hardanger, ligg Samnanger kommune som ein naturleg skjønnheit. Med relativ kort veg til både by- og naturopplevelsar, er Samnanger perfekt for deg som ønskjer både i pose og sekk. Kraftkommunen med sine 2 500 innbyggjarar er i vekst, og potensialet er stort. Me treng deg som ser dette potensialet og vil vera med på den spanande reisa vidare.
Helse og omsorg er ein sektor leia av kommunalsjef. Pleie og omsorg, helse, barnevern, NAV og flyktningetenesta er knytta til sektoren. Helse og omsorg har som mål å leggja til rette for tenester tilpassa den einskilde, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innholdsrikt liv.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6b496cfd-012c-486f-90a8-a9885e0075b5
- Sist endret
11. desember 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10273154
Lignende annonser
Helsesekretær
Arbeidsgiver
Knarvik Legekontor Da
Sted
Isdalstø
Arbeidsgiver
Medisinsk Intensiv Overvåking, Helse Bergen HF, Hjarteklinikken
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Biskopshavn Legesenter As
Sted
Bergen