Helsesekretær og medisinsk sekretær - faste stillingar
Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Ledig faste stillingar for helsesekretær/ medisinsk sekretær
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
- Antall stillinger
- 4
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte helsesekretærar og sekretærar.
Oppstart i stillingane vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga.
Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet.
Vi ser etter deg som sett pasienten i fokus, som trivst med utfordringar, er fagleg dyktig, og som likar å arbeide i eit travelt og spennande miljø. Oppgåvene blir løyst i tett samarbeid med andre faggrupper i sjukehuset.
Vi har ledig fast stilling ved desse avdelingane:
Bemanningssenteret er Haukeland universitetssjukehus sitt interne bemanningsbyrå. Vi formidlar personell til alle avdelingar i sjukehuset for kortare eller lengre oppdrag. Som tilsett hos oss vil du få ein unik moglegheit til å opparbeide deg brei kompetanse, fagleg utvikling og bli godt kjent med mange ulike einingar på sjukehuset. Leiar for den merkantile gruppa i Bemanningssenteret gjennomfører jamleg personalmøte og fagdagar for dei tilsette.
Kontaktperson: Cathrine Fauske Haferkamp, tlf: 99426755.
Avdeling for patologi er ei stor og velutrusta avdeling som gir eit breitt diagnostisk tilbod innan biopsi, cytologi, obduksjon og rettsmedisin, elektronmikroskopi, nyre- og nevropatologi. Avdelinga er inne i ein moderniseringsfase med tanke på nye og spennande utfordringar som vårt fagområde vil møte framover.
Avdeling for patologi er m.a ein del av eit nasjonalt satsingsprosjekt for digitalisering, og det blir jobba godt med regionalt samarbeid.
Avdelinga har ca. 150 tilsette, derav overlegar, legar i spesialisering, bioingeniørar, ingeniørar, molekylærbiologar, fagarbeidarar og merkantilt tilsette. Vi tar årleg imot ca. 110.000 celle og vevs prøvar og utfører om lag 600 medisinske og rettsmedisinske obduksjonar. Vi er mange fagpersonar som arbeider tett saman og har eit stort fokus på kvalitet og pasientsikkerheit.
Fagområdet patologi vil i åra som kjem gjennomgå store endringar med innføring av ny teknologi. Digitalisering fører til endringar i arbeidsflyt og arbeidsprosessar, og legge til rette for bruk av kunstig intelligens. Molekylære analysar aukar og er organisert på Laboratorieklinikknivå, i Kreftgenomikk.
Vi har no ledig en 100% stilling som helsesekretær. Det blir lagt vekt på relevant arbeidserfaring, gjerne innan patologi eller liknande laboratorieverksemd
Kontaktperson: Guro Hauge Nygård, tlf: 90975002.
Oppgi øverst i søknaden kva stilling(ar) du søker i prioritert rekkefølge. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene kan variere frå avdeling til avdeling
- Koordinering og planlegging
- Administrative oppgåver i Dips
- Telefon/resepsjonsteneste
- Bestilling av transport/overnatting/tolk med meir
- Økonomisk oppgjer
- Yte service til pasientar, pårørande og kollegaer
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsesekretær, medisinsk sekretær
- Relevant sjukehuserfaring
- Kunnskap og erfaring med IKT-systema vi nyttar i Helse Bergen (t.d. Dips, Libra)
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare. Dokumentasjon må leggast ved søknad
- Du må meistre engelsk, både skriftleg og munnleg.
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Nøyaktigheit
- Serviceinnstilling
- Fleksibel og evne til å ta utfordringar
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Fagleg og personleg utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Sjå kontaktperson, oppgitt for den enkelte stillingaArbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5055336446
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.01.2026
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
cf0355d6-618c-4630-b88b-d275e7352d6e
- Sist endret
5. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ba53c23eb69a4714b1d5d57033cf2712
Lignende annonser
Helsesekretær
Arbeidsgiver
Knarvik Legekontor Da
Sted
Isdalstø
Helsesekretær
Arbeidsgiver
Flaktveit Legesenter Da
Sted
Flaktveit
Helsesekretær
Arbeidsgiver
Adecco Norge AS
Sted
Bergen
Tannhelsesekretær
Arbeidsgiver
Tannlege Fbf As
Sted
Bergen