Helsefagarbeidar
Masfjorden kommune
Fensfjordvegen, 5986 Hosteland
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsefagarbeidarar - Masfjorden sjukeheim (januar 2026)
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. februar
Om stillinga
Masfjorden sjukeheim søkjer etter to helsefagarbeidarar i 100 % mellombelse stillingar for perioden 01.03.2026 - 28.02.2027. Stillingene har base på Masfjorden sjukeheim.
Me har årsturnus med vakter på 13,5 timar, og du får gode friperiodar. Sjå vedlagt turnus. Me kan òg leggje til rette for ordinære vaktlengder, eller ein kombinasjon av langvakter og ordinære vakter.
Me ser etter helsefagarbeidar som
- Er helsefagarbeidarar med autorisasjon
- Har evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- Er fleksibel og samhandlar godt med brukarar, pårørande og kollegaer
- Vert motivert til å yte gode tenester til brukarane våre, og kan vere med på å gje dei ein stabil og god kvardag
- Har godt humør er raus og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Kan delta i alle arbeidsoppgåver
- Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. For framandspråklege er det krav om bestått norskprøve B2
Arbeidsoppgåver
- Gje heilskapeleg omsorg og behandling
- Utarbeide og følgje opp tiltaks- og pleieplanar
- Bidra til eit godt og engasjerande arbeidsmiljø
- Arbeid kvar 4. helg for dei som går i langvaktsturnus. For dei som går i ordinær turnus, er arbeidshelg kvar 3. helg
Me tilbyr
- Full stilling
- Ein interessant og utfordrande jobb saman med dyktige kollegaer
- Ein arbeidsplass som gjev deg høve til utvikling
- Varierte arbeidsoppgåver
- Løn og arbeidsvilkår etter avtaleverket + 50 kroner ekstra pr. time i helgetillegg
- Frå 2026 vil dei som bur i Masfjorden og oppfyller vilkåra få sletta 25 000 kroner av studielånet kvart år til ein har betalt ned heile gjelda. Les meir om den nye ordninga her
Langturnus
- Årsturnus med vakter på 13,5 timar
- Med årsturnus kan du planlegge langsiktig
- Dømet er for sjukepleiarar, men vil vere liknande for helsefagarbeidarar
Høgreklikk på biletet og trykk "Åpne bilete i ny fane" for å sjå turnus i full storleik.
Langturnus
- Forutsigbar arbeidsplan
- Dømet er for sjukepleiarar, men vil vere liknande for helsefagarbeidarar
Høgreklikk på biletet og trykk "Åpne bilete i ny fane" for å sjå turnus i full storleik.
Masfjorden sjukeheim
Masfjorden sjukeheim ligg på Hosteland og har 31 sengeplassar.
Politiattest
Den som vert tilsett må leggja fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Masfjorden kommune ligg midt i Vestland fylke og grensar til kommunane Gulen og Høyanger i nord og kommunane Modalen og Alver i sør. Administrasjonen i Masfjorden kommune er lokalisert i kommunehuset på Sandnes.
Kommunen er eit eldorado for friluftsinteresserte, med øyar og holmar, skog og fjell, eit unikt turterreng, og gode fiske- og jaktvilkår. Kulturlivet er allsidig med svært aktive lag og organisasjonar
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6af0cf6d-f0d4-403b-be46-908a0265db8f
- Sist endret
19. januar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10277911
Lignende annonser
Sjukepleiarar - Masfjorden sjukeheim (januar 2026)
Arbeidsgiver
Masfjorden kommune
Sted
Hosteland
Miljøterapeut/miljøarbeidar - Fast stilling og mellombels stilling (januar 2026)
Arbeidsgiver
Masfjorden kommune
Sted
Hosteland
Arbeidsgiver
Alver kommune
Sted
Lindås