Hopp til innhold

Faste helgestillinger - Helsefag og assistent - Lindås heimeteneste

Arbeidsgiver

Alver kommune

Sted

Storbruhaugen 36, 5955 Lindås

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Faste helgestillinger - Helsefag og assistent - Lindås heimeteneste
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Om stillinga

Me har ledig faste helgestillinger som helsefagarbeidar og assistent. Arbeidet er i todelt turnus, i snitt kvar 3 helg. Me ser etter deg som har erfaring frå tilsvarande arbeid, eller som er i utdanning innan helse-og omsorg. Om du ikkje har erfaring men interesse for faget kan du og søkje! 


Arbeidsoppgåver

Som tilsett hos oss skal du hjelpe brukarar med personleg hygiene, på- og avkledning, måltider og oppfølging av vedtak. Du skal samarbeide tett med gode kollegaer og bli kjent med brukarar med ulike og varierte hjelpebehov. Heimetenesta gjev hjelp etter vedtak, samstundes har helsepersonell ansvar for å fortløpande kartlegge endra funksjonsnivå og gje hjelp etter kvar enkelt brukar sitt behov. Det er krav at utførte tenester vert dokumenterte i Profil.


Om avdelinga

Heimetenesta i Alver er delt inn i 7 geografiske områder der Lindås heimeteneste er lokalisert sentralt på Lindås. Avdelinga har eit godt tverrfagleg team som består av fagansvarleg, driftskoordinator, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar. Avdelinga har ca. 23 årsverk og gjev tenester til brukarar som bur på Lindås og i bygdene rundt. Lindås heimeteneste kan tilby eit godt arbeidsmiljø. Me er ei avdeling i stadig utvikling og har eit felles fokus på gode tenester.


Kvalifikasjonskrav

  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Førarkort klasse B
  • Fagbrev som helsefagarbeider - evt student i sjukepleie eller vernepleie

Kven er du?

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt før tilsetting: Me ynskjer at du er inspirerande og engasjert i faget. Du kan prioritera i ein travel kvardag, og du trivst både med å arbeide sjølvstendig og som del av eit team. Me ser etter deg som har evne og vilje til å bidra til eit godt arbeidsmiljø, og til å skape arbeidsglede i ein hektisk kvardag. Du er trygg, fleksibel og løysingsorientert.


Me tilbyr

  • Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
  • Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
  • Fagleg utvikling
  • Årsturnus
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • God pensjonsordning gjennom KLP

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.


Me er Alver

Bli kjent med Alver kommune!

Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Om bedriften

Heimetenesta i Alver er organisert i 6 ulike geografiske soner- Manger, Frekhaug, Knarvik, Alversund/Seim, Ostereidet og Lindås. Dagsentra for heimebuande er og organisert under heimetenesta , og samarbeider tett med avdelingane. Alle avdelingane nyttar Mobil Omsorg og me har eit stort fokus på velferdsteknologi.

Heimetenesta på Lindås er lokalisert sentralt på Lindås i Lindås Bu og servicesenter sine lokale. Avdelinga er samansett av sjukepleiarkompetanse, helsefagarbeidarkompetanse, heimehjelparar og assistentar. 

Avdelinga har pr i dag ca 23 årsverk som gjev tenester til heimebuande i Lindåsregionen. Avdelinga har eit personale med god erfaring og kompetanse som har fokus på å levere gode tenester. 

Heimetenesta er i ein omstillingsprosess der me jobbar med tenestenivå, oppgåvedeling og ressursfordeling for å nytte ressursane til det beste for dei me yter tenester til.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

4fada104-8ee6-42fd-a4b9-d024c99839dd

Sist endret

10. februar 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10278020

Lignende annonser

Faste helgestillinger - Helsefag og assistent - Lindås heimeteneste - arbeidsplassen.no