Vi søkjer KOKK til Hotel Union Geiranger -- oppstart omgåande eller etter jul!
Hotel Union Geiranger
Geirangervegen 100, 6216 Geiranger
Om jobben
- Stillingstittel
- Kokk
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Engelsk eller norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Vi søker KOKK og Konditor til hotellrestauranter -- midt i verdsarven Geiranger!
Er du ein engasjert kokk med sans for gode smakar, høg kvalitet og god stemning på kjøkkenet?
No har du sjansen til å bli ein del av eit fagleg sterkt og sosialt kjøkkenteam ved våre hotellrestauranter i Geiranger -- der gode råvarer, ekte matglede og fantastisk utsikt går hand i hand!
Hos oss får du vere med og skape matopplevingar som gjer inntrykk -- for gjestar frå heile verda.
Dine arbeidsoppgåver
-
Produksjon av varm og kald mat til både buffet, à la carte og selskap
-
Bidra til god flyt og kvalitet i den daglege drifta
-
Sikre smak, presentasjon og tempo på høgt nivå
-
Følgje rutinar for reinhald, hygiene og matsikkerheit
Vi ser etter deg som
-
Har fagbrev som kokk, eller solid erfaring frå hotell- og restaurantbransjen
-
Jobbar strukturert, sjølvstendig og trivst i eit høgt tempo
-
Har god lagånd og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
-
Er opptatt av lokale råvarer, sesongens smakar og norsk matkultur
-
Likar å levere kvalitet -- også når det kokar litt!
Vi tilbyr
-
Ein spennande og variert arbeidskvardag i unike omgjevnader
-
Eit ungt, inkluderande og profesjonelt kjøkkenteam
-
Konkurransedyktige vilkår og gode personalordningar
-
Moglegheit for personalbustad
-
Ein arbeidsplass der fagleg utvikling, samarbeid og trivsel er i fokus
Klar for å bli med på eventyret i Geiranger?
Send oss søknad og CV -- vi ser fram til å høyre frå deg!
For meir informasjon, ta kontakt med odd.ivar.solvold@hotelunion.no
Om bedriften
Hotel Union er eit familieeigd hotell med lange tradisjonar, midt i verdsarvområdet Geirangerfjorden. Vi har 197 rom, fleire restaurantar og barar, stor spa-avdeling, konferansefasilitetar og eit eige veteranbilmuseum. Vi legg vekt på kvalitet, godt vertskap og gode opplevingar -- både for gjestene våre og for dei som jobbar her. Sesongen vår strekkjer seg frå vår til haust, og vi har eit internasjonalt og mangfaldig arbeidsmiljø.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6a32bc42-c2a4-4302-9be5-b1f4a58ba688
- Sist endret
6. november 2025
- Hentet fra
FINN
- Referanse
435665122
Lignende annonser
Kjøkkensjef
Arbeidsgiver
Hotell Geiranger
Sted
Geiranger
Arbeidsgiver
Geiranger Hotelldrift AS
Sted
Geiranger
Arbeidsgiver
Geiranger Hotelldrift AS
Sted
Geiranger