Tannlege
IDI-TH - Sogndal klinikkområde, Vestland fylkeskommune
Trolladalen 30, 6856 Sogndal
Om jobben
- Stillingstittel
- Tannlege
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 23. mars
Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi behandler hovudsakleg prioriterte pasientgrupper, men tar også i mot vaksne, betalande pasientar.
Vi har ein unik kompetanse, tilbyr spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom vårt førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland.
Vi er om lag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og vårt kompetansesenter, TkVestland.
Sogndal tannklinikk får ledig tannlegestilling frå august 2026. I løpet av sommaren flyttar me inn i heilt nye lokaler med ti behandlingskontor. Som tannlege på Sogndal tannklinikk vil du bli ein del av eit ungt og inkluderande fagmiljø.
Tettstaden Sogndal er med sine rundt 8000 innbyggjarar knytepunktet i Sogn. Sogndal er kjent for Fjellsportfestivalen, fantastisk laussnø for skiglade, klatring, fotball og saft. Med knallblå fjord, krittkvite fjell, grøne marker og frodige frukttre er Sogndal eit yndig mål for friluftsinteresserte og turistar. Høgskulen i Vestland avd. Sogndal trekk til seg mange studentar kvart år, og lagar liv og røre i den store bygda.
Arbeidsoppgåver
- Du utfører klinisk arbeid for alle pasientgrupper, inklusiv vaksne betalande pasientar.
- Du held deg fagleg oppdatert og følger gjeldande lover og retningslinjer for evidensbasert behandling, samt
jobber for å nå måla til Vestland tannhelseteneste. - Du deltar i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling, samt andre felles oppgåver for drift av klinikken.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som tannlege
- Behersker norsk som arbeidsspråk, skriftleg og munnleg
- Godkjend politiattest
Personlege eigenskapar
Du likar å arbeide med menneske og har alltid pasienten i fokus.
Du kan samhandle med ulike pasientgrupper. Du kommuniserer godt og har evne til å skapa gode relasjonar til pasientar, pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartar. Du trivst med å jobbe i team og er aktivt med på å skape eit godt arbeidsmiljø.
Du arbeider systematisk, strukturert og planmessig for å nå måla våre.
Du er nysgjerrig og interessert i fagleg utvikling, du deler også kompetanse med andre.
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull, samfunnsnyttig og variert arbeidskvardag med pasientar i alle aldrar
- Eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- Etterutdanning og kurs for fagleg og personleg utvikling
- Løn etter avtale, for nyutdanna er årsløna for tida kr 660.000,-
- Gode offentlege pensjons - og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Dorte Grønsberg, klinikkleiar (tannlege), +47 95204759Arbeidsstad
Trolladalen 306856 Sogndal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5090651385
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.03.2026
Kontaktperson for stillingen
Dorte Grønsberg
klinikkleiar (tannlege)
+47 95204759
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
69d87086-2909-41aa-8980-e6e750b5ba3f
- Sist endret
9. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d64d354684e94c01a01760b232a5409a
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Sogndal klinikkområde, Vestland fylkeskommune
Sted
Gaupne
Arbeidsgiver
Luster kommune Helse
Sted
Gaupne
Kjeveortoped
Arbeidsgiver
Jobway AS
Sted
Vestland