Tannpleiar Luster Tannklinikk
Luster Tannklinikk AS
Øyagata 7, 6868 Gaupne
Om jobben
- Stillingstittel
- Tannpleier
- Type ansettelse
- Fast, deltid
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest i dag
Vi er på jakt etter ny tannpleiar i 80% stilling då vår noverande tannpleiar snart blir pensjonist. Ho har jobba i 40% stilling, men med tilsig av nye pasientar ynskjer vi å utvide stillinga. Vi ser etter ein positiv, kvalitetsbevisst og fagleg oppdatert tannpleiar som vil ta godt vare på dei kjekke pasientane våre. Personlege eigenskapar vektleggast.
Klinikken består av to tannhelsesekretærar og to tannlegar. Snart kanskje også deg på laget vårt! Arbeidsmiljøet er svært godt, og vi ser etter nokon som vil styrke dette felleskapet vidare med sitt gode humør. Dersom du er nyutdanna vil tannlegane gi deg ekstra god støtte og oppfølging. Du vil også kunne vere med å forme din eigen arbeidskvardag med tanke på:
-
Arbeidstider
-
Løn (som tilsett eller sjølvstendig næringsdrivande)
Om 100% stilling er avgjerande for om du søker, ta kontakt så finn vi ei ordning på dette.
Om du ikkje kjenner til Sogn allereie skal du vite at dette er eit flott område å bu i. Innbyggjarane er aktive og inkluderande, fjordane er vakre og skiforholda fantastiske! Tannklinikken ligg i Gaupne sentrum i Luster kommune, ca 3 mil frå Sogndal.
Tiltreding frå august 2026 eller etter avtale.
Søknadsfrist 20.april.
Søknad og CV kan sendast til post@lustertannklinikk.no v/Anne Lene Sygna Halleråker. Har du spørsmål angåande stillinga eller arbeidsplassen er det berre å ta kontakt.
Om bedriften
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2e528d79-a1dc-4302-b8ed-aeb2d1c6f145
- Sist endret
15. april 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
458211773