Hopp til innhold

Helsefagarbeidar  helg                      avd korttid/rehab/KAD helgestilling

Arbeidsgiver

Bu- og omsorgstenesta, Gloppen kommune

Sted

Grandavegen 9, 6823 Sandane

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeidar avd korttid/rehab/KAD
Type ansettelse
Fast, deltid 21%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Hei, vil du vere med på laget i ei framtidsretta teneste? 😊

Vi søkjer etter ein engasjert og dyktig helsefagarbeidar som ynskjer å vere ein del av ei teneste med visjonen «saman blir vi sterkare». Vi søkjer etter deg som har ynskje om å vere ein viktig verdiberar knytt til kunnskap, omsorg, mot og tillit.


Avdeling for korttid, rehabilitering og KAD (kommunal akutt døgnpost) har tolv pasientplassar. Vi har pasientar med mange diagnoser og komplekse sjukdomsforløp som set krav til god tverrfagleg kompetanse og høg kvalitet i arbeidet vårt. Vi har eit godt fagmiljø med engasjerte og dyktige sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar. I avdelinga har vi eit tett samarbeid med lege, fysio og ergo m.fleire. 

Vi har ledig ei fast stilling på helg i 21 % stilling for helsefagarbeidar. 

Dersom det ikkje melder seg søkjarar med utdanning som helsefagarbeidar/hjelpepleiar, vil vi vurdere tilsetting av pleiemedarbeidar.

Snarleg tilsetting.


Arbeidsoppgåver

Hovudoppgåva er å saman arbeide for at bebuarane får gode dagar. I kvardagen har vi fokus på miljøarbeid og aktivitetar tilpassa den enkelte, i tett samarbeid med pårørande. 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar.
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer etter deg som

  • held deg fagleg oppdatert, og har ei interesse for eldreomsorg og alderpsykiatri
  • evner å tenke heilheitleg, har fokus på løysingar, er fleksibel og strukturert
  • har evne til å dele og formidle kunnskap på ein god og trygg måte

Vi tilbyr

  • Varierte og lærerike arbeidskvardagar
  • Gode kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
  • Fagleg utvikling 
  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
  • Stilling organisert i årsturnus

For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar.
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.

Kontaktinformasjon

Ida Kristin Knutsen Gule, Avdelingsleiar, +47 90848835
Eva Skrivervik-Alme, Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta, +47 48894818

Arbeidsstad

Grandavegen 9
6823 Sandane

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune

Referansenr.: 5044762764
Stillingsprosent: 21%
Fast
Søknadsfrist: 11.12.2025

Om bedriften

Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

69b21e99-7d25-4176-9de7-7b9b0009e0d0

Sist endret

12. desember 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

ae0f75b73ac44c559bee767149fcbd2d

Lignende annonser

Helsefagarbeidar Oreteigen

Arbeidsgiver

Bu- og omsorgstenesta, Gloppen kommune

Sted

Sandane