Hopp til innhold

Er du medisinarstudent som ønsker relevant arbeidserfaring i studietida? Vi har ledige studentstillingar

Arbeidsgiver

Bemanningssenteret, Helse Bergen HF

Sted

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Er du medisinarstudent som ønsker relevant arbeidserfaring i studietida?
Type ansettelse
Fast, deltid 22%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Vi søker etter medisinarstudentar som ønsker å kombinere studie med relevant arbeid gjennom utdanninga. Stillinga er lagt opp etter ein karrieremodell på 4,5 til 6 år og inneheld arbeid ved einingar innan somatikk, rus og psykiatri. Rotasjon er basert på 1,5 - 2 år på kvar eining.

Treng du fleksibilitet for å kombinere studie med relevant arbeid gjennom heile utdanninga? Då er dette ein unik sjanse til å opparbeide seg kompetanse på tvers i Vestlandets leiande sjukehusmiljø.

Stillinga føreset arbeid i 4 veker med 100% stilling under ferieavvikling ved sjukehuset gjennom tilsettingsperioden.


Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene vil variere etter kva eining du jobbar ved
  • I somatikken vil arbeidsoppgåvene i hovudsak vere praktisk arbeid, pleie og oppfølging av pasientar
  • I psykiatri og rus vil arbeidsoppgåvene i hovudsak vere pasientoppfølging med fokus på å skape gode relasjonar, og å motivere pasientar til å meistre problema sine på ein god måte
  • Delta i det daglege miljøarbeidet med pasientar og praktiske oppgåver delegert frå ansvarshavande
  • Stillinga føreset arbeid i 4 veker med 100% stilling under ferieavvikling ved sjukehuset gjennom tilsettingsperioden

Kvalifikasjonar

  • Du må ha 400 timar pleieerfaring frå grunnleggande stell/pleie
  • Du må meistre norsk, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du har eit ønske om allsidig erfaring innan ulike ulike einingar
  • Du er tilpassingsdyktig og finn deg til rette i ulike miljø
  • Du har utvikla gode samarbeidsevner og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Du taklar endringar i kvardagen og høgt tempo
  • Du er fagleg dyktig og er interessert i å lære meir
  • Du har ei vennleg og respektfull framferd med pasientane, og ønsker å gjere «det lille ekstra» for at dei skal ha det bra

Vi tilbyr

  • Du vil få tilsetting i 22% fast stilling via Bemanningssenteret med arbeidsstad ved ulike einingar i føretaket
  • 10 helgar i løpet av eit år som blir planlagd saman med leiar i årsturnus
  • Resterande timar er fleksible. (ca 20 timar kvar månad) og desse blir planlagde etter kvart i samarbeid mellom tilsett og leiar
  • Det er rotasjon på ulike avdelingar
 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Cathrine Fauske Haferkamp, Seksjonsleiar, 99426755

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5047433492
Stillingsprosent: 22%
Fast
Søknadsfrist: 13.01.2026

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

69261ea7-e3c7-4f82-8342-167bb37773a7

Sist endret

14. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

3aa9bba8cc18442f89aaee6fe675a523

Lignende annonser

Laster lignende annonser