Hopp til innhold

Medisinstudent med lisens som tilkallingsvikar ved Kysthospitalet i Hagevik

Arbeidsgiver

Helse Bergen HF

Sted

Hagaviksbakken 25, 5217 Hagavik

Om jobben

Stillingstittel
Medisinstudent med lisens som tilkallingsvikar ved Kysthospitalet i Hagevik
Type ansettelse
Annet, deltid 0%
Antall stillinger
4
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 31. mai

Det er frå august ledige stillingar som tilkallingsvikar for medisinstudent med lisens ved Kysthospitalet i Hagevik, Helse Bergen HF. 

Kysthospitalet i Hagevik er eit elektivt spesialsjukehus for ortopedisk kirurgi. Pasientgruppene treng i hovudsak ryggkirurgi, protesekirurgi eller ulike former for artroskopisk kirurgi. Sjukehuset har sengepost med 22 senger og 4 operasjonsstover. Kysthospitalet ligg idyllisk til ved sjøen i Bjørnafjorden.

Aktuelle kandidatar vil bli tilsett via Bemanningssenteret i Helse Bergen og vil gå vakter ved Kysthospitalet i Hagevik (KiH). Bemanningssenteret formidlar vikarar og tilkallingsvikarar til heile Helse Bergen.


Arbeidsoppgåver

  • Hovudarbeidet vil vere mottak, journalføring og oppfølging av pasientar som kjem til innlegging eller operasjonsklarering. Det vil også vere aktuelt med enkelte visittar på sengepost, operasjonsassistanse og LIS-vakter. Arbeidstid og vaktplan etter ein godkjend tenesteplan. I hovudsak dagarbeid 07.30 - 16.00
  • Ein blir tilkalt ved behov

Kvalifikasjonar

  • Må vere under relevant medisinsk utdanning
  • Må inneha godkjend studentlisens eller legelisens registrert hos SAK
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg
  • Må ha grunnleggande IKT-kompetanse
  • Må ha kunnskap om EPJ og andre fagsystem

Personlege eigenskapar

  • Pasientorientert
  • Ansvarsbevisst
  • Fleksibel
  • Engasjert
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Janne Kristiansen, Rådgivar , 48286300, janne.kristiansen@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Hagaviksbakken 25
5217 Hagavik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5121336421
Stillingsprosent: 0%
Anna
Søknadsfrist: 31.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Janne Kristiansen

Rådgivar

48286300

janne.kristiansen@helse-bergen.no

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

50263099-6d66-4c27-8131-7c2e94ce91d3

Sist endret

5. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

946c7885e1a449d09b1a3bcda89fa0f2

Lignende annonser

Laster lignende annonser