Fagleg leiar med ansvar for sikring mot flaum og skred
Region Vest, Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Naustdalsvegen 1B, 6800 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- Fagleg leiar - Sikring mot flaum og skred
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 25. januar
NVE har eit viktig samfunnsoppdrag med å betre samfunnets evne til å handtere flaum- og skredrisiko. Vi søkjer ny fagleg leiar for den regionale eininga som planlegg og byggjer sikringstiltak mot flaum og skred, og som handterer beredskapssituasjonar.
Stillinga inngår i den regionale eininga på om lag 12 personar som planlegg og byggjer sikringstiltak mot flaum og skred, rettleier om tiltak i vassdrag og skredutsette område, og dessutan handterer beredskapssituasjonar og følgjer opp naturskadehendingar. Vi søkjer deg som vil bidra til å auke tryggleiken for folk som bur flaum- og skredutsett til, samtidig som vi skal vareta miljøverdiar og klimaendringar med ei tilpassing frå grå til grøn ingeniørkunst. Du vil vere sentral i samfunnsoppdraget vårt mot kommunar og må ha god forståing for skjeringspunktet mellom teknologi, miljø og samfunn. Du vil også ha ei sentral rolle som fagleiar i samband med beredskapshendingar som involverer flaum og skred i regionen. I tillegg vil du fungere som fast avløysar for regionsjef, ei rolle som kan gi deg gode utviklingsmoglegheiter.
NVE region vest omfattar Vestland- og Møre og Romsdal fylke. Dette er eit område som har store utfordringar med flaum og erosjon i vassdrag, utfordringar med alle typar skred i bratt terreng, og dessutan utfordringar med fleire store ustabile fjellparti. Vi planlegg og utfører mange sikringstiltak i tett samarbeid med kommunane. Ved flaum- og skredhendingar er vi fagleg rådgivar for politi og kommunar.
Region vest har kontor i Førde, der vi er i overkant av 40 tilsetje i eit breitt, tverrfagleg miljø. Du vil komme til eit entusiastisk og inkluderande arbeidsmiljø, der vi løyser viktige samfunnsoppgåver i fellesskap, både internt på kontoret og i samarbeid med andre regionar i NVE.
Arbeidsoppgåver:
- overordna fagleg ansvar for NVE sitt flaum- og skredsikringsarbeid i region vest
- teknisk og økonomisk oppfølging av planlegging og gjennomføring av sikringstiltak
- utvikling og oppfølging av den regionale sikringsporteføljen
- følgje opp bistands- og tilskotsprosjekt
- fagleg oppfølging og rettleiing av prosjektleiarar og andre medarbeidarar
- bidra i dialog mot kommunar, grunneigarar, andre statlege aktørar og etatar
- bidra til fagleg utvikling innanfor sikringsteknikk regionalt og nasjonalt, i dialog med regionsjef og seksjon for sikring
- samarbeide med og vere ein støttespelar for dei fagansvarlege for sikring ved dei andre regionkontora
- bidra til nasjonal porteføljebygging innan sikring mot naturfare
- fast avløysar for regionsjef
Jobben vil innebere ei reiseverksemd i storleiksorden 50-60 dagar i året, av dette ein god del dagsreiser
Kvalifikasjonar:
Krav:
- høgare utdanning på master/siv.ing. nivå innan bygg og anlegg, vassdragsteknikk/-hydraulikk eller geoteknikk. Relevant erfaring kan kompensere for delar av utdanningskravet.
- arbeidserfaring frå planlegging/prosjektering/gjennomføring av bygg- og anleggsarbeid relatert til flaum og skred, vassbygging, veg-anlegg eller annan relevant bransje.
- erfaring frå prosjektleiing og økonomistyring
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- fysikk til å kunne ferdast i ulendt terreng og delta på feltsynfaringar
- førarkort klasse B.
Det er krav om tryggleiksklarering på nivå Hemmelig (H) før tiltreding.
Ønskelege kvalifikasjonar:
- kjennskap til offentleg forvaltning
- kjennskap til standardar for konsulent-, bygg- og anleggskontraktar
- kjennskap til plan og bygningslova / TEK17 / byggherreforskrifta
- kjennskap til regelverk for offentleg innkjøp
- erfaring frå beredskapsarbeid
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på engelsk
Personlige egenskaper
- gode samarbeidsevner og leiareigenskapar
- handlekraftig, tek avgjerder og følgjer opp – sjølv under uvisse
- kan delegere
- fagleg sterk, kan litt om mykje og har evne til å sjå samanhengar
- kunne handtere presse og media ved krisehendingar
Personlege eigenskapar blir tillagde betydeleg vekt
Vi tilbyr
- stillinga gir stort rom for personleg og fagleg utvikling innan eit fagfelt med stor samfunnsaktuell interesse og betydning
- du vil få høve til å påverke utviklinga av fagfelta innanfor sikring mot flaum og skred
- seksjon for sikring samarbeider tett med NVE sine regionkontor, og du vil difor møte eit stort tverrfagleg miljø der dine kollegaer arbeider innanfor eit vidt fagleg spenn, t.d. med kvalitet, fagleg utvikling, prosjektering og utføring av sikringstiltak
- du vil få stor kontaktflate, både internt og eksternt
- livsfaseorientert personalpolitikk
- gode arbeidstidsordningar (flexitid, sommartid, betalt overtid)
- mulegheit for trening i arbeidstida
- medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) som blant anna gir gode lånevilkår
Stillinga vert lønna innan spennet for senioringeniør/sjefingeniør (1181/1088). For særs godt kvalifiserte søkarar kan vi vurdere høgare lønn. Endeleg lønn er avhengig av kvalifikasjonar. Pensjonsinnskot vert trekt frå lønna etter gjeldande reglar.
Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ynskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å løyse våre oppgåver betre. Vi oppfordrar søkarar til å krysse av i jobbportalen om dei har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssing i jobbsøkarportalen gir grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar. Om det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å verte vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må søkarane oppfylla visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen.
Vi ber om at vinemål/karakterutskrifter og attestar vert lasta opp som vedlegg til den elektroniske søknaden. Om du ynskjer å reservere deg frå offentleg søkarliste, må dette grunngievast. Opplysing om søkaren kan verte offentleggjort sjølv om søkaren har bede om å ikkje verte ført opp på lista. Om reservasjonsønske ikkje vert teke til følgje vil søkaren verte varsla om dette før offentleg søkarliste vert utforma.
Det vert gjennomført referansesjekk på alle kandidat(ar) som vert innstilt. Dette betyr dokument- og kjeldekontroll for å verifisere opphav og gildskap (m.a. det som vert oppgjeve i CV eller dokument som vert lagt ved.
Kontaktinformasjon
Jostein Mårdalen, Regionsjef, 98283910, josma@nve.noAnders Muldsvor, Senioringeniør, 95290111, ajm@nve.no
Benjamin Stabell, HR-kontakt, +47 91192023
Arbeidssted
Naustdalsvegen 1B6800 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)Referansenr.: 5051602797
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.01.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Benjamin Stabell
HR-kontakt
+47 91192023
Om bedriften
Vi forvalter Norges vann- og energiressurser til samfunnets beste. Det er vårt ansvar å sørge for at strømmen blir levert, holde tilsyn med kraftbransjen, utvikle regelverk og behandle søknader om konsesjon til fornybar energiproduksjon.
Vi overvåker og varsler om naturfare for å hjelpe samfunnet med å håndtere flom og skredrisiko. Vi er den nasjonale faginstitusjonen for hydrologi og driver med forskning.
NVE har mål om å være en klimabevisst og bærekraftig virksomhet og vi jobber aktivt med å redusere vårt eget klimafotavtrykk.
NVEs samfunnsoppdrag omfatter kritisk infrastruktur og er underlagt sikkerhetsloven. Forebyggende sikkerhetsarbeid vektlegges, herunder de ansattes sikkerhetsmessige skikkethet.
NVE har over 700 ansatte, med hovedkontoret i Oslo og regionkontor i Tønsberg, Hamar, Førde, Trondheim og Narvik. Vi er et direktorat underlagt Energidepartementet.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6844480b-0806-4077-8cf5-729f21b33dd4
- Sist endret
26. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6b212b0025fd4f7ba57af78375f51251
Lignende annonser
Ingeniør - Kvikkleireskred
Arbeidsgiver
Flom og Skred, Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Sted
Trondheim, Tønsberg, Narvik, Oslo, Førde, Hamar
Prosjektleder
Arbeidsgiver
Veidekke
Sted
Førde
Feltlaborant
Arbeidsgiver
Veidekke
Sted
Førde