Fengselsførstebetjent Bjørgvin fengsel
Bjørgvin fengsel
Olav Bjordalsvei 63, 5011 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Fengselsførstebetjent dagtid Bjørgvin fengsel
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 26. mars
Om stillinga
Bjørgvin fengsel har ledig fast stilling som fengselsførstebetjent frå snarast.Stillinga er på dagtid og inngår i leiargruppa i fengselet.
Vi søkjer etter ein person som ønskjer å jobbe målretta og systematisk med dei innsette i eit bredt straffegjennomføringsperspektiv.
Arbeidsoppgåver
- Sørgje for utvikling, gode rutinar og følgje opp og kvalitetssikre arbeidet i avdelinga.
- Sakshandsaming og andre administrative oppgåver for førstebetjent.
- Fungera som operativ leiar etter avtale/behov
- Linjeleiaransvar og sjukefråværsoppfølging for tilsette i verksdrifta i Bjørgvin fengsel. Organisering av dagleg drift og sysselsetjing av innsette.
- Rettleiing og følge opp kontaktbetjentar og U25 TEAM.
- Samarbeidsmøter med innsattrepresentanter
- Oppfølging av BRIK/ISUF/POP for å sikra måloppnåelse
- Oppfølging av frigangskontroller og avtaler
- Følge opp TEAM-møter og personalmøter.
- Planlegging og gjennomføring av tysdagsundervisning.
- Kontaktperson for samarbeidspartnarar.
- Rapportering på måloppnåing.
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i arbeids- og ansvarsområde.
Utdanning og erfaring
Du må ha- bestått fengselsbetjentutdanning ved Kriminalomsorge sin høgskole og utdanningssenteret KRUS
- relevant erfaring innanfor fagfeltet
- god kjennskap til lovverk og sakshandsamingsreglar.
- god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- erfaring med leiarrolla
- interesse og kjennskap til administrative oppgåver
Personlege eigenskapar
- gode leiareigenskapar med evne til å motivere og inspirere
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, bidra til eit godt arbeidsmiljø
- evne til å arbeide analytisk og strukturert
- god rolle- og systemforståing, og evne til å tenkje heilskapleg
- resultatorientert
- personleg eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
- treningsrom med gode treningsmoglegheiter
- stillinga blir lønt som 0265 fengselsførstebetjent fra kr 615 000 –750 000 pr. år, avhengig av ansiennitet/kvalifikasjonar, det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse
Generell informasjon
Tilsette sine haldningar og verdiar skal vere i tråd med kriminalomsorga sitt verdisyn. Våre verdiar er: Openheit, respekt, profesjonalitet og engasjement.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald, og vi oppmodar kvalifiserte søkjarar med ulik arbeids- og livserfaring til å søkje jobb hos oss.Kriminalomsorga arbeider for å realisere regjeringas inkluderingsdugnad om at 5% av alle nytilsetjingar i staten skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller hòl i CV-en.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogeleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnsammensetning.
Vi vil sørgje for tilrettelegging på arbeidsplassen dersom det er høve til det. Vi gjer merksam på at dersom søkjarane oppgjev at dei har nedsett funksjonsevne eller «hòl i CV-en» kan opplysinga nyttast til registreringføremål.
Prøvetida er 6 månader.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet. Det går for tida føre seg ein utgreiingsprosess i kriminalomsorga som kan medføre ei organisasjonsendring.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til inspektør Thomas Eeg Storli tlf: 55251285.
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal
velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
67e99ac5-c7e6-45bb-9032-143a7ff0071d
- Sist endret
10. mars 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10286248