Sokneprest i Aukra
Molde domprosti
Kyrkjevegen 1, 6480 Aukra
Om jobben
- Stillingstittel
- Sokneprest i Aukra
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest fredag 19. juni
Aukra er ein eittsoknskommune med nesten 3800 innbyggarar, der om lag 2/3 bur på hovudøya Gossen, 1/3 i fastlandsdelen Julsundet og nokre få på øya Orten. Ferja mellom Gossen og Julsundet går jamleg og tek 12 minutt. På Gossen er arbeidet godt etablert i kyrkja, og kyrkjelydshuset. På Julsundet er samfunnet prega av nybygging, og soknepresten vil bli utfordra til å jobbe saman med prestane i nabokommunen Hustadvika for å bygge arbeidet på Julsundet, då mange vel Vågøy kyrkje for å nytte kyrkja sine tenester.
Soknepresten vert del av en stab samansett av kyrkjeverje (100%), kantor (60%), kyrkjelydspedagog (40%, vakant), kyrkjetenar (30%), kyrkjegardsarbeidar (80%) samt lønna klokkarar.
Aukra kommune er ein kommune i vekst. Kommunen har godt utbygde servicetilbod, eit aktivt kor-, kultur- og idrettsliv og stor kristeleg aktivitet. Kyrkja er ei åttekantkyrkje i tømmer frå 1835 og ligg på Gossen, kvar vår blir den vakkert ramma inn av påskeliljemarka.
Aukra ligg i Molde domprosti som omfattar kommunane Molde, Aukra, Hustadvika, Vestnes og Rauma. Soknepresten i Aukra er del av eit prestefellesskap på 19, deriblant fengselsprest. Prestane har tilbod om å møtes til tekstgjennomgang kvar veke, og fagsamling ein gong i månaden.
Arbeidsoppgåver
- Soknepresten skal i tråd med "Tenesteordning for kyrkjelydsprestar" forvalte Ord og sakrament slik at kristen tru og liv vert fremja i kyrkjelydane.
- I tillegg til gudstenester og kyrkjelege handlingar, leier presten konfirmantarbeidet, tek del i undervisningsarbeidet, utøver sjelesorg og andakter på omsorgssenteret.
- Alle prestar i prostiet går inn i beredskapsordning
Kvalifikasjonar
- Dei formelle kvalifikasjonskrava for tilsetjing som kyrkjelydsprest er å finne i "Forskrift om tilsetting av kyrkjelydsprest".
- Søkjar må kunne samarbeide også liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologiske ståstad.
- For å bli tilsett må ein ha sertifikat og kunne disponere eigen bil.
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer etter ein prest med lyst og evne til å utøve pastoralt leiarskap, bygge kyrkjelyd, og vere ein pådrivar for å skape eit «vi» som omfavner menneske med ulik alder, bakgrunn, etnisitet og oppfatning.
- Du må kunne arbeide med struktur og planlegging og like å samarbeide med stab, frivillige, sokneråd og fellesråd om planar og visjonar.
- Kontaktskapande med evne til å byggje nettverk.
- Evne til å formidle evangeliet til ulike aldersgrupper.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Vi tilbyr
- Løn etter hovudtariffavtalen i Den norske kyrkja, lønsgruppe 1555 sokneprest.
- Innskot i KLP.
- Godtgjersler og tilskot etter dei vilkår som til kvar tid er fastsette.
- Vi legg vekt på å tilby gode vilkår for kompetanseutvikling, arbeidsvegleiing (ABV) og andre former for vegleiing.
- Eit godt samarbeid i stab, og mellom dei tilsette i prostiet. Prestane møtest regelmessig til kollega- og fagsamlingar.
ANNA:
Søkjar må opplyse om han/ho beherskar begge målformer. Liturgi og tenestemål i området er nynorsk.
Møre bispedøme skal vere ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av etnisitet, alder, kjønnsidentitet, funksjonsevne eller legning. Vi oppfordrar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søke.
Den som får tilbod om stillinga må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Lov om tros- og livssynssamfunn § 20.
Søkjarar som ikkje er ordinerte, vert bedne om å gjere greie for tilhøvet til programmet "Veien til presteteneste"" (VTP). Ordinasjon føreset normalt fullført VTP.
Ordinert søkjar som er statsborgar i anna EØS-land vert gjort merksam på krav om attest som viser autorisasjon til presteteneste i Den norske kyrkja, gjeve av Kyrkjerådet, krav om medlemskap i Den norske kyrkja og krav om å beherske norsk språk, jfr Forskrift om tilsetting av menighetsprest §6.
Du er velkomen til å sende din søknad med CV, vitnemål og referansar via vårt elektroniske system, Webcruiter. Dersom du ikkje ynskjer namnet ditt på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast i søknaden. Grunnane vil bli vurdert individuelt. Dersom bispedømeadministrasjonen ikkje finn dei tilstrekkelege, vert søkjaren kontakta før søkjarlista vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Grethe Lystad Johnsen, Domprost, 41204720, grethe.lystad.johnsen@molde.kirken.noArbeidsstad
Kyrkjevegen 16480 Aukra
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Molde domprostiReferansenr.: 5134235986
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Molde by ligger vakkert til mellom fjord og fjell med kort vei til naturopplevelser i Moldemarka, fjellet og ved eller på sjøen. Her er rike muligheter for musikk, kultur og idrett. Fylkesadministrasjonen for Møre og Romsdal ligger i Molde, og fra Molde lufthavn Årø er det daglige flygninger til Oslo og Bergen.
Molde domprosti består av kommunene Molde, Hustadvika og Aukra. Det er i dag om lag 47.000 innbyggere i prostiet. Domprostiet har 14 prestestillinger medregnet domprost og fengselsprest.
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
67e43526-d1c0-4a62-b7ff-b489c959785a
- Sist endret
22. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c2191998d55d40348c16ff61702da5c2