Sommarvikarar
Om Kartverket
Sandvikevegen 9, 5780 Kinsarvik
Om jobben
- Stillingstittel
- Sommarvikarar
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 12
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 16. februar
Om stillinga
Kartverket si avdeling i Ullensvang har ansvaret for kundesenteret, samt tinglysing av burettslagsandelar, og me treng hjelp i sommar. På kundesenteret er me dagleg i kontakt med ulike kundar og brukargrupper. Dei fleste vil prata med oss på telefonen, medan nokre tek kontakt via e-post eller nettprat. Me rettleier i tinglysingsaker, og hjelper den enkelte med informasjon om saker knytt til eigedom og elles det meste som me i Kartverket arbeider med.
I avdelinga er me 45 medarbeidarar som arbeider fast her, men gjennom ferieavviklinga treng me å ha eit godt team med ferievikarar. Me søkjer derfor etter 12 ferievikarar som kan bistå oss gjennom sommarperioden.
Vårt primære behov for hjelp er frå juni til slutten av august. For å få sommarplanen til å gå opp er det svært viktig at du skriv kva tidsrom du kan arbeide i når du sender ein søknad til oss.
Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då trur me du vil trivast hjå oss! Og du vil jobbe saman med ein engasjert, sosial og fagleg dyktig gjeng.
Arbeidsoppgåver
ArbeidsoppgåverNår du kjem til oss får du god opplæring om eigedom og tinglysing, og du får også litt innblikk i mykje av det andre Kartverket driv med. I hovudsak vil arbeidsoppgåvene vera å:
- I hovudsak arbeide på kundesenteret og svare på spørsmål som kjem inn via telefon.
- Svare på nettprat eller e-post kan bli aktuelt
- Utføre andre oppgåver kan også bli aktuelt
Kvalifikasjonskrav
Kvalifikasjonar- Du må ha gjennomført vidaregåande skule og vera over 18 år. Det er ei ekstra føremon om du har starta på høgare utdanning
- Du må ha god norskkunnskap, både skriftleg og munnleg
- Det er ynskjeleg med utdanningsløp frå juss, samfunnsfag eller anna relevant studieretning
- Det er ein fordel med erfaring frå tinglysing, eller anna relevant erfaring
Personlege eigenskapar
- Positiv og hjelpsam
- Gode kommunikasjonsferdigheitar
- Tålmodig og forståelsesfull
Me tilbyr
- Spennande arbeidsoppgåver og gode læringssmoglegheiter i eit trivelig miljø
- Oppstart av pensjonspoeng i Statens pensjonskasse
- Sommarvikarane vert lønna som konsulent, kode 1065, frå kr 240,- til kr 260,- pr. time
Om søknaden din
Fyll ut felta “Utdanning” og “Arbeidserfaring” og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Positiv særbehandlingKartverket er oppteken av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Me har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunnar, erfaringar, kompetansar og perspektiv for å løyse vårt samfunnsoppdrag. Me oppfordrar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.
Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil me kalle inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylle visse krav. Du kan lese meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.
Søkjarlista er offentleg. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast.
Om du treng teknisk hjelp til søknaden, ta kontakt med support hos Grade Jobbnorge.
- support@jobbnorge.no
- 75542220
Kontaktperson for stillingen
Stig Yngve Røkenes
Seksjonsleiar
+4748095710
Om bedriften
Frå sjø til land. Frå det ytste verdsrommet til djupaste havbotnar. Me i Kartverket veit at alt skjer ein stad, og at geografisk informasjon og eigedomsinformasjon er viktige komponentar i utviklinga av berekraftige samfunn og nye digitale, produkt og tenester.
Våre ambisjonar på vegne av Noreg er store. Me er over 800 stolte kartverkstilsette som kvar dag står opp og bidreg til at Noreg skal verta leiande i bruken av geografisk informasjon. I 2024 vart me tildelt den prestisjefylte “Bedre Stat”-prisen for vårt arbeid med å digitalisere samhandling ved eigedomshandel.
Vår jobb er å gjere det enkelt å samle, bearbeide og dele stadfesta informasjon. Våre data spelar ei nøkkelrolle i framtidas berekraftige samfunn og for å finne svar på framtidas klimautfordringar. Me er statens fagorgan for kart, geodata og eigedomsinformasjon. Vår oppgåve er å bygge og vedlikehalde nasjonal geografisk infrastruktur for sjø og land, og samarbeide med kommunar, statlege organ og private aktørar.
Me har 13 kontorstadar frå sør til nord, samt eit jordobservatorium på 79 grader nord. Kartverket vart etablert i 1773 og er den eldste tekniske etaten i Noreg.
Me treng stadig fleire på laget. Kanskje du vert ein av oss?
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
67ca90fb-3aad-41dd-aa5a-6544482c23af
- Sist endret
13. januar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10277021
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Norsk Natursenter As
Sted
Øvre Eidfjord, Vestland
Butikkansvarlig
Arbeidsgiver
Syse Gard AS
Sted
Ulvik
Kjøkkenhjelp (ikke privathusholdning)
Arbeidsgiver
Norsk Natursenter As
Sted
Øvre Eidfjord, Vestland