Barne- og ungdomsarbeidar/tilsvarande, 100% fast stilling
Gulen kommune
Nordre Garden 24, 5970 Byrknesøy
Om jobben
- Stillingstittel
- Byrknes barnehage og skule. Tilsetjing Barne- og ungdomsarbeidar/tilsvarande, 100% fast
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 14. juni
Om stillinga
Byrknes barnehage og skule har frå medio august 2026, ledig 100% fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar/eller tilsvarande kompetanse. Stillinga er i utgangspunktet tenkt å vere knytt til både arbeidsoppgåver i barnehage, SFO og skule. Stillinga har ikkje komprimert arbeidstid.
Byrknes barnehage og skule består av 1-10- skule og barnehageavdeling. Klikk deg inn her for å lese meir om barnehagen ved eininga, og her for meir informasjon om skulen/SFO.
Ved Byrknes barnehage og skule er det læring og trivsel som står i høgsetet. Eininga er oppteken av å ha eit trygt og godt skulemiljø, kor gode relasjonar mellom elevar og vaksne er avgjernade for ein god skulekvardag.
Arbeidsoppgåver
- Medverke til at barnehage, skule, SFO er ei god pedagogisk verksemd
- Medansvar for tilsyn, omsorg og pedagogisk arbeid med barna
- Delta i planlegging, rettleiing, gjennomføring, evaluering og vurdering i verksemda
- Arbeidsoppgåver knytt til enkeltbarn
- Arbeidsoppgåver knytt til elevar frå Ukraina
- Andre oppgåver etter behov
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande kompetanse. Søkjarar utan godkjent utdanning kan verte vurdert for mellombels tilsetjing
- Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
- Gyldig politiattest
Personlege eigenskapar
- Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med barna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
- Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både barn og vaksne
- Er strukturert, men likevel kunne vere spontan i møtet med barna
- Fleksibel og har gode samarbeidsevner
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
- Løn etter tariff
Kontaktpersoner for stillingen
Anja Johannessen
Avdelingsleiar barnehage ved eining Byrknes barnehage og skule
+4796625530
Mona Haveland Midtun
Einingsleiar Byrknes barnehage og skule
+4741586663
Om bedriften
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.
Kommunen har 2260 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6755fba3-feb8-42ee-b16b-744fa435417b
- Sist endret
26. mai 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10297445