Barnehagelærar - 100 % fast - Lindås barnehage
Alver kommune
Fjellangersvingane 350, 5955 Lindås
Om jobben
- Stillingstittel
- Barnehaglærer - 100 fast - Lindås barnehage
- Type ansettelse
- Fast, deltid
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 28. juni
Om stillinga
Lindås barnehage har ledig fast stilling som barnehagelærar i 100%. Stillinga er ledig frå 09.08.2026, eller etter avtale.
Arbeidsoppgåver / ansvar:
- Skape eit godt barnehagemiljø for alle barn
- Bidra i utføring og planlegging av daglege gjeremål, prosjekt og aktivitetar
Om barnehagen
Lindås barnehage ligg sentralt på Lindås, med gangavstand til idrettshall, fotballbaner, bibliotek, skulen og flotte turområder.
Barnehagen har store, fine uteområde, som både inneheld både opparbeida leikeplass og naturleikeplass og eigen grønsakshage.
Bygget var nytt i 2021. Barna er tilknytt eigen avdeling og deler fellesrom som gymsal, kjøkken, atelier og forskarrom. Barnehagen er bygd med 7 avdelingar, men har pr. idag ledig kapasitet.
Kompetanse
Godkjent utdanning som barnehagelærar.
Erfaring frå arbeid i barnehage er ønskeleg
Eigenskaper
Vi ser etter ein pedagog som passar godt inn i personalgruppa vår, og som samstundes tilfører nye perspektiv og bidreg til vidareutvikling av barnehagen og satsingsområda våre. Du er raus og tydeleg, og medverkar aktivt til eit godt arbeidsmiljø. I tillegg har du gode relasjonelle ferdigheiter og skaper tillit og gode samarbeid med barn, føresette og kollegaer.
Det er krav om å vise fram tilfredstillande politiattest heimla i forskfrift til barnehagelova ved oppstart.
Vi tilbyr:
- fast stilling i Alver kommune
- godt og inkluderande arbeidsmiljø
- ein nyare barnehage med sentral beliggenhet, med nærleik til naturområder og eigen grønsakshage
- gode pensjonsordningar
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
I Lindås barnehage gir vi rom for at barna har ulike forutsetninger og erfaringar med seg heimanfrå. Omsorg og tryggheit er grunnleggjande for at barn skal utvikle seg. Vi skal bidra til at barna, i fellesskap med andre barn og vaksne, kan utvikla eit positivt forhold til seg sjølv og ha tru på egne evner. Dei vaksne støtter, anerkjenner og er til stades for barna slik at dei blir sett og høyrt. Dette gjer vi ved å rettleia, setje ord på og rette merksemda til det barna gjer.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f162e495-51f5-4a45-ab45-ebdff8686e37
- Sist endret
17. juni 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10300054