Sjukepleiar ved Interkommunale helsetenester Nordfjord, Stad kommune
Interkommunale helsetenester, Stad kommune
Sjukehusvegen 14, 6770 Nordfjordeid, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar ved Interkommunale helsetenester
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 30. april
Interkommunale helsetenester er ein del av akuttberedskapen i Nordfjord. Stad kommune er vertskommune, og eininga omfattar legevakt, legevaktformidlinga og øyeblikkelig hjelp døgneining. Tenesta dekkjer kommunane Stryn, Stad og delar av Kinn, (tidlegare Vågsøy kommune).
Ein har eit breidt spekter av arbeidsoppgåver og utfordringar som skal løysast. Det er ein spennande arbeidsplass der ein kvar dag «kjenner pulsen på Nordfjord», og ein jobbar tett med lege, sjukepleiar og ambulansepersonell. Sjukepleiarane byter på å jobbe med legevaktformidlinga – gje råd og rettleiing på telefon, stell og pleie av pasientar ved ØHD, pasientbehandling ved legevakta og utrykking med legevaktsbil. Ein får dermed ein spennande arbeidsplass, og variert arbeid der ingen vakter er like. Det er derfor viktig at ein er løysningsorientert og stolar på eigne faglege vurderingar. Her er eit godt arbeidsmiljø, og stor takhøgde for å stille spørsmål.
Stillinga har tredelt turnus, og ein arbeidar to av sju helgar med langvakter.
Interkommunale helsetenester har ledig:
1 x 80 % fast stilling inkludert 10 % frie timar*
Er du på søken etter ei stilling med faglege utfordringar, allsidig arbeidskvardag og personlig utvikling? Då er dette stillinga for deg!
Arbeidsoppgåver
- Svare legevakttelefonen, hastegradsvurdering og prioritering av pasientar, rådgjeving til pasientar og helsepersonell
- Tilrettelegge og assistere ved skader, traume og akutt sjukdom
- Medikamenthandtering
- Observasjon, pleie og behandling av pasient
- Samhandle med helseforetak og andre kommunale teneste for koordinering av helsehjelp for innbyggjarane
- Fagleg oppdatering og øving ved ledig tid
Kvalifikasjonar
- Sjukepleiar med interesse for akuttmedisin
- Fordel med erfaring frå akuttmedisin
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- God munnleg framstillingsevne på engelsk
- Førarkort kl B for utrykning av legevaktbil saman med lege. Moglegheit for å ta "utrykningslappen".
Personlege eigenskapar
- Du arbeider godt både sjølvstendig og i team
- Du kommuniserer godt i akutte og krevjande pasientsituasjonar
- Du er fleksibel, serviceinnstilt og imøtekomande
- Du trivast i ein uforutsigbar og hektisk kvardag med høg aktivitet
- Du har medansvar for eit godt arbeidsmiljø
- Du er ryddig og held orden rundt deg
Vi tilbyr
- God opplæring og oppfølging
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Øving i akuttmedisin
- Godt fagleg arbeidsmiljø med høg trivsel
- Tredelt turnus med langvakter helg. Tilrettelagt for kvile på langvakter.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden. Vi ønskjer at du oppgir referanser av nyare dato.
Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga. Stad kommune har 6 månader prøvetid.
Kontaktinformasjon
Grete Aud Totland, einingsleiar Interkommunale helsetenester, 95819005, grete.aud.totland@stad.kommune.noArbeidsstad
Sjukehusvegen 146770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 4947915546
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 30.04.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
https://www.nordfjord.no/stad
https://www.einstadistad.no/
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2913896
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1c95a066e0b74d1a8031a004ab71926a