Hopp til innhold

Vestavind søker journalist

Arbeidsgiver

Vestavind As Bygdeblad For Sveio

Sted

Sveiogata 72, 5550 Sveio

Om jobben

Stillingstittel
Journalist
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk snarest mulig

Send søknad til

ellenmarie@vestavind-sveio.no
Vil du bli journalist i Vestavind?

Vestavind, lokalavisa for Sveio kommune, har ledig 100 % fast stilling som journalist frå 1. mai.

Me kan tilby ein spennande jobb i eit lite og moderne mediehus, med ein offensiv digital strategi.

Me tilbyr:
  • Fast journaliststilling i ein ekspansiv region med stor variasjon i næringslivet, eit allsidig kulturliv og flott natur.

  • Kontorplass i eit moderne og trivelig lokale midt i Sveio sentrum, som ligg 20 minuttars køyring nord for Haugesund sentrum og 30 minuttar sør for kommunesenteret Leirvik i Stord kommune.

Me ønsker ein journalist som:
  • Kan jobba raskt og effektivt og kastar seg rundt når det trengs, men samstundes har evne til å gå i djupna og vera grundig.

  • Har kunnskap om og interesse for sosiale medium.

  • Skriv nynorsk og/eller bokmål.

  • Disponere eigen bil.

Kontaktperson for stillingen

Ellen Marie Hagevik

Ansvarleg redaktør

916 33 866

ellenmarie@vestavind-sveio.no

Om bedriften

Lokalavisa Vestavind vart stifta i 1986, og kjem ut i papirformat kvar torsdag samt med daglege oppdateringar på nett. Avisa er limet mellom bygdene i Sveio, og skal bidra til å redusera handelslekkasje, samt støtta lokalt næringsliv. Vestavind har eit opplag på vel 1.600. Verksemda har tre tilsette på heiltid med redaktør, journalist og dagleg leiar/marknadsansvarleg. Kontoret er i Sveio sentrum.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

65e950fb-4262-4144-8d78-08dac1ce18dd

Sist endret

26. mars 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

65e950fb-4262-4144-8d78-08dac1ce18dd

Lignende annonser

Laster lignende annonser