Rådgivar økonomi
Stab for strategi og styring, Møre og Romsdal fylkeskommune
Julsundvegen 9, 6412 Molde
Om jobben
- Stillingstittel
- Rådgivar økonomi
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest mandag 13. april
Er du klar for eit år i eit av dei større og meir utfordrande økonomifagmiljøa i regionen? Møre og Romsdal fylkeskommune har eit breitt og solid fagmiljø innan økonomi, analyse og verksemdstyring – og som vikar får du ei unik moglegheit til å arbeide tett på og på tvers av heile dette miljøet. Vikariatet tilbyr ei brei og utviklande rolle som spenner frå strategiske analysar og økonomisk styring til dei operative økonomiprosessane som må fungere stabilt gjennom året.
Vi søker etter ein sjølvstendig, strukturert og målretta medarbeidar i 100 % vikariat i eitt år, med mgolegheit for forlenging. Har du god økonomiforståing og evne til å sette deg raskt inn i komplekse saksområde, kan dette vere stillinga for deg.
Arbeidsoppgåver
Du får arbeide med:
- løpande budsjett- og rekneskapsoppgåver
- koordinering av rapportering og resultatvurderingar for stabsavdelingane
- arbeid med økonomiplan, årleg budsjett og tertial-/årsrapportering
- oppfølging av rammeavtalar og økonomiske avklaringar på tvers av stabsfunksjonane
- bistand i forvaltning av fylkeskommunen si forsikringsordning
Kvalifikasjonar
Vi søker deg som har høgare relevant utdanning innan økonomi, gjerne med:
- erfaring frå rapportering, prognosearbeid og/eller økonomiplanlegging
- praktisk erfaring med operative oppgåver (kontering, anvisning, periodiseringar m.m.)
- erfaring frå rådgiving eller støtte til leiarar
- erfaring frå offentleg sektor eller større organisasjonar
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som
- arbeider sjølvstendig, strukturert og målretta
- er nysgjerrig og ser moglegheiter for forbetring
- har god gjennomføringskraft og leverer kvalitet til rett tid
- er fleksibel og handterer endringar godt
- har analytiske evner og ser samanhengar i tal og prosessar
- kommuniserer tydeleg, både munnleg og skriftleg
- er serviceinnstilt og samarbeider godt på tvers
- har god norsk munnleg og skriftleg formidlingsevne
Vi tilbyr
- ei utfordrande stilling i eit fagmiljø prega av profesjonalitet og høg kompetanse
- faglege utfordringar og moglegheit til å påverke utvikling av rutinar og prosessar
- ei variert og utviklande rolle som kombinerer strategiske oppgåver og operative prosessar
- tilgang til sterke faglege nettverk
- offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Magnus Hjelmstad, Økonomisjef, +47 91630707Arbeidsstad
Julsundvegen 96412 MOLDE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 5101906942
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 13.04.2026
Kontaktperson for stillingen
Magnus Hjelmstad
Økonomisjef
+47 91630707
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
65b099e4-1f1f-4c2a-ba23-0a4d45253187
- Sist endret
30. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
28882fc352a946fdb5c239a418d4b4e3