Tilretteleggar for barn og unge - vikariat
Sogn og Fjordane RK, Røde Kors
Langebruvegen 28, 6800 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- Tilretteleggar for barn og unge - vikariat
- Oppstart
- 1. mars 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest onsdag 18. februar
Vi søker deg som ynskjer å gjere ein forskjell for andre. Du trives med at det er mykje som skjer, og har evne til å ha oversikt og orden innan organisering, framdrift og økonomi. Hjå oss vil du få eit unikt innsyn i den største humanitære organisasjonen i Noreg.
Vi ynskjer å rekruttere deg som kan bidra til å vidareutvikle og styrke aktiviteten for barn og unge i Sogn og Fjordane. Du vil arbeide tett med og på vegne av aktive, engasjerte og erfarne frivillige, som har stor fagleg og operativ kunnskap. Vi søker deg som er flink til å lytte, og til å forstå kva dine frivillige oppdragsgjevarar treng av bistand og tilrettelegging, og som leverer dette.
Utfordringa Røde Kors og andre har sett mål om å påverke er stor, og vi har ulike verkemiddel. Ferie for alle, der barnefamiliar med utsett økonomi får eit gratis ferieopphald, er eit av Røde Kors sine tilbod. I Sogn og Fjordane er Ferie for alle ein stor aktivitet, med fleire hundre deltakarar kvart år. Den som skal fylle stillinga vil vere ansvarleg for å vidareføre dette tilbodet i minst tilsvarande omfang og kvalitet som til no, samt andre tilbod retta mot denne målgruppa.
Du blir del av eit kollegium på 10 engasjerte tilsette som dekker eit breitt spekter av humanitære og organisatoriske oppgåver frå vårt nyoppussa kontor i Førde sentrum.
Arbeidsoppgaver
- Planlegge, og legge til rette for påmelding, deltaking og evaluering av fleire årlege Ferie for alle-opphald for barnefamiliar, i nært samarbeid med frivillige, kollegaer, og kontaktpersonar i kommunale tenester.
- Planlegge, koordinere og evaluere andre tiltak retta mot barn og unge
- Legge til rette for godt mottak, opplæring og oppfølging av frivillige som er engasjert i arbeid med og for barn og unge i Røde Kors, inkludert evaluering av innsats.
- Fange opp lokale Røde Kors-ledd sine behov for oppfølging knytt til barn og unge.
- Bidra som distriktskontoret sin fagressurs for barn og unge
- Bidra i dialogen med Norges Røde Kors knytt til arbeidet med barn og unge
Kvalifikasjoner
- Høgare relevant utdanning. Lang, brei og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- Relevant arbeidserfaring innan prosjektleiing, administrasjon, økonomi, organisering eller liknande.
- Du er ein god menneskekjennar og evner å tilpasse dine bidrag og påtrykk.
- Du har god forståing for, og profesjonell erfaring med digitale verktøy.
- Du har gode analytiske evner, og ser etter løysingar på utfordringar.
- Du må ha førarkort.
Personlige egenskaper
- Er ryddig, nøyaktig og strukturert.
- Kan jobbe både planmessig og improvisere.
- Har gode samarbeidsevner og kan jobbe i team.
- Du likar å hjelpe andre til å lykkast.
- Du har god samfunnsforståing.
- Du er sjølvgåande og løysingsorientert.
Det vil vere ein fordel med god innsikt i organisasjonsarbeid, forståing for arbeidsforma i ein frivillig organisasjon og evne til å tilpasse seg denne.
At ein er personleg egna vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Meiningsfylte og spennande arbeidsoppgåver i den største frivillige humanitære organisasjonen i Noreg.
- Engasjerte og dyktige kollegaer og eit breidt kontaktnett i ein mangfaldig og inkluderande organisasjon.
- Gode pensjons- og forsikringsordninger.
- Ein fleksibel arbeidskvardag med ordningar for heimekontor og trening.
- Cellekontor i moderne og nyoppussa lokale i Førde sentrum.
Stillinga inneber noko reising, og du må rekne med noko forskjøven arbeidstid, med kvelds- og helgearbeid. Arbeidsforholdet er regulert av de(n) til ein kvar tid gjeldande tariffavtale(r) i verksemda, for tida: Hovedavtalen Tekna og Funksjonæravtalen Negotia.
Røde Kors er opptatt av mangfald. Vi oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søke, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om det er behov.
Kontaktinformasjon
Dag Hovland, Dagleg leiar , 90894974, dag.hovland@redcross.noArbeidssted
Langebruvegen 286800 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Røde KorsReferansenr.: 5075127734
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.03.2026
Sluttdato: 01.03.2027
Søknadsfrist: 18.02.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Røde Kors er verdas største frivillige, humanitære organisasjon. I Norge har Røde Kors over 44 000 frivillige i 380 lokalforeiningar over heile landet. Organisasjonen arbeider for å avdekke, hindre og lindre menneskeleg naud og liding både nasjonalt og internasjonalt. Som beredskapsorganisasjon og støtteaktør for styresmaktene arbeider Norges Røde Kors for å styrke samfunnet si beredskapsevne. Les meir: www.redcross.no
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
658c7a8e-ed80-46dd-a872-3291fa04d14b
- Sist endret
6. februar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1d74628ca84e40c7ab4e1ee0509307e5
Lignende annonser
Programkoordinator
Arbeidsgiver
KFUK-KFUM Noreg
Sted
Førde, Sandane
Kommunikasjonsansvarlig
Arbeidsgiver
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter As
Sted
Flekke
Ferievikarer til park, idrett og friluft
Arbeidsgiver
Stiftelsen Røde Kors Nordisk United World College
Sted
Flekke