Førdefestivalen søkjer produsent
Førde Internasjonale Folkemusikkfestival Sti
Sunnfjord
Om jobben
Vil du vere med å lage Skandinavias største folkemusikkfestival? Førdefestivalen har ledig vikariat som produsent (100%).
- Stillingstittel
- Produsent
- Oppstart
- 7. april 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest i overmorgen
Send søknad til
Hva vi ser etter
Vi ser etter deg som:- Har erfaring frå arrangørverksemd, festivalarbeid eller prosjektleiing
- Er strukturert, nøyaktig og løysingsorientert
- Er engasjert og initiativrik, med stor arbeidskapasitet
- Likar og har evne til å jobbe med fleire oppgåver parallelt
- Har gode kommunikasjonsevner
- Har godt språk munnleg og skriftleg på norsk (nynorsk) og engelsk
Det er ein fordel om du har relevant høgare utdanning og kunnskap om og interesse for folkemusikk.
Arbeidsoppgaver
Dei viktigaste arbeidsoppgåvene vil vere:- Planlegging og gjennomføring av arrangementa på festivalen og gjennom året
- Kontraktar og kontakt med teknisk leverandør, artistar og andre aktørar
- Oppfølging av samarbeidspartar og -prosjekt
- Budsjett-, søknads- og rapporteringsarbeid
Vi tilbyr
Fleksibel arbeidstid. Løn og oppstart etter avtale. God pensjonsordning.
Stillinga er eit vikariat med ønska oppstart frå 7. april 2026, med varigheit til 1. september 2027.
Førdefestivalen nyttar nynorsk. Arbeidsstad er Førdehuset i Førde.
Stillinga rapporterer til direktør.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Under slagordet 'Verda kjem til Førde' har Førdefestivalen i over 30 år invitert publikum i alle aldrar til å oppleve folkemusikk frå heile verda frå 30 store og små arenaer, inne og ute. Festivalen har opparbeidd seg eit solid internasjonalt renommé, og er eit viktig utstillingsvindauge for norsk og nordisk folkemusikk. Den internasjonale folkemusikkfestivalen vert arrangert over 5 dagar i juli (veke 27) kvart år. Festivalen er og ein viktig heilårsarrangør gjennom Bornas Verdsdag Førde i november, konsertar heile året og turnétilbodet VestaFolk. Administrasjonen (4,5 årsverk) held til i Førdehuset i Førde.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6533fe5d-094b-4069-942b-e8d7b433084d
- Sist endret
10. februar 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
6533fe5d-094b-4069-942b-e8d7b433084d
Lignende annonser
Logistikk- og vertskapsteam (prosjektstillinger)
Arbeidsgiver
Festspillene i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Nordfjord Smak Sa
Sted
Bremanger, Gloppen, Stad, Stryn, Vestland
Produksjonsleiar
Arbeidsgiver
Førde Sementvare AS
Sted
Loen