Bli vår nye produksjonsleiar i vakre Loen!
Førde Sementvare AS
Lovikvegen 60, 6789 Loen
Om jobben
- Stillingstittel
- Produksjonsleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. mars
**Likar du produksjon, ansvar, folk og god flyt?**Som ein av dei leiande produsentane og leverandørane av betongelement i Vestland har vi god oppdragsmengd og søkjer no ein dyktig person til å leie produksjonen vår av betongelement i Loen. Leveransane våre går hovudsakleg til bygg- og anleggssektoren, med prosjekt i store delar av Noreg.
Har du erfaring eller interesse for produksjonsstyring og leiing, bør du sjå nærare på denne moglegheita! Her har du sjansen til ei nøkkelrolle blant dyktige kollega.
Dette får du hjå oss-
Ei sentral rolle i ein produksjon med høg aktivitet
-
Eit fagleg sterkt miljø innan betongkonstruksjonar
-
Ei stilling med ansvar og reell påverknad
-
Varierte arbeidsoppgåver med gode moglegheiter for fagleg utvikling
-
Eit tett samarbeid mellom produksjon og administrasjon
-
Løns- og pensjonsordningar som er konkurransedyktige
-
Jobbe med betong og produksjon i varmen -- sjølv på kalde dagar!
-
Kontorstad i Loen -- i verdas finaste omgjevnad
-
Planleggje, leie og leggje til rette for effektiv produksjon
-
Vere ein synleg og tilgjengeleg formann i hallen
-
Bidra til kontinuerleg effektivisering av produksjonsprosessar
-
Sikre kvalitet -- og jobbe aktivt med forbetringar og avvik
-
Følgje opp HMS og kvalitetssystem (KS) i praksis
-
Fagansvar for lærlingar
-
Fagarbeidar i betong, helst med erfaring som bas/formann
-
God teknisk og praktisk forståing
-
Strukturert og god på planlegging
-
Gode leiareigenskapar og ein lagbyggar
-
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg, samt munnleg engelsk
-
Utviklingsorientert, og bevisst på løysingar som gir verdi og lønsemd
Relevant erfaring kan kompensere for fagbrev i betongfaget/formell utdanning.
Håpar DU vil vere med oss på laget i ei nøkkelrolle!
Har du spørsmål om stillinga, sjå www.fsement.no eller ta kontakt med:
Karin Kleppe , plassansvarleg Loen -- tlf. 93 85 60 25
Erik Solheim, dagleg leiar -- tlf. 91 73 92 62
Om bedriften
Førde Sementvare AS er ei lokal og solid industriverksemd med lange tradisjonar innan produksjon av betong. Vi leverer kvalitetsprodukt til både private og profesjonelle kundar, og er ein viktig aktør i regionen. Vi har omlag 75 ansatte.
Gjennom høg fagkompetanse, moderne produksjon og sterk lokal forankring bidreg vi til utvikling og verdiskaping i Sunnfjord og på Vestlandet.
Vi er eit konsern med ambisjonar for vidare vekst og utvikling, og legg stor vekt på kvalitet, berekraft og langsiktig forretningsdrift. Hjå oss jobbar engasjerte medarbeidarar som er stolte av faget sitt og av verksemda dei er ein del av.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4a59dc8b-822b-4da5-9092-02e5d2d2c0df
- Sist endret
16. februar 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
450425699
Lignende annonser
Næringsmiddelrenholder, Gulen/Masfjorden (Cleaning in Food-industry)
Arbeidsgiver
Renex Servicepartner Vest As Avd Gulen
Sted
Gulen, Masfjorden, Vestland
Arbeidsgiver
Norgestak
Sted
Hareid, Molde, Sykkylven, Ulstein, Volda, Møre og Romsdal, Ålesund, Ørsta
Arbeidsgiver
Nordfjord Smak Sa
Sted
Bremanger, Gloppen, Stad, Stryn, Vestland