Hopp til innhold

Rektor Dalsfjord skule

Arbeidsgiver

Volda kommune, Avdeling skule

Sted

Stormyra 2, 6100 Volda

Om jobben

Stillingstittel
Rektor
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 12. april

Det er frå 01.08.2026 ledig 100% stilling som rektor ved Dalsfjord skule. 

Dalsfjord skule er ein fådelt 1.-10. skule med p.t 29 elevar. Det er SFO ved skulen. Inneverande skuleår har skulen til saman 10 tilsette. I rektor si stilling er det frå skuleåret 25/26 avsett 80% tid til administrasjon og 20% tid til undervisning. 

Skulen har eit godt og føreseieleg læringsmiljø der trivsel, tryggleik og engasjement står i fokus. Her vil du finne eit stabilt og kompetent kollegium som er fleksible og opptatt av at elevane skal rustast til å møte utfordringane i framtida. Saman jobbar vi målretta med å skape kvardagen slik at elevane opplever å vere inkluderte gjennom meistring og lærelyst.

Volda kommune har sju grunnskular. Rektorar og assisterande rektorar er med i leiaropplæring, og har eit leiarforum med møte kvar månad. Volda samarbeider og i høve leiaropplæring med andre kommunar på Søre-Sunnmøre gjennom Sjustjernasamarbeidet.
Saman med barnevern, helsestasjon, barnehage, vaksenopplæring og kulturskule, er grunnskuledrifta ein del av sektor oppvekst i Volda kommune.

Visjonen til sektor oppvekst er "Volda kommune har trygge barn, unge og vaksne som deltek, meistrar og lærer" . Visjonen skal vere ei inspirasjonskjelde for alle tilsette i sektoren. For å kunne strekke oss mot visjonen treng vi trygge, tilgjengelege og kompetente tilsette som er til støtte for barn og ungdom i utviklingsprosessen. Dei tilsette må ha rett kompetanse, vere stabile, tydelege og venlege. Dei må kunne bidra til eit anerkjennande miljø som gir grobotn for vekst og utvikling for elevane. I alt vårt arbeid mellom barn og unge skal vi arbeide førebyggande for å fremje godt psykososialt miljø, ha ein helsefremjande funksjon og bidra til å jamne ut sosiale skilnader. Alle barn, unge og vaksne skal oppleve tryggleik og sosialt tilhøyr. Alle våre born og unge skal ha like mogelegheiter til å utvikle evnene sine.

Vi søker etter deg som har lyst, evne og kraft til å vidareutvikle Dalsfjord skule. Den som vert tilsett må ha evne og vilje til å utvikle seg sjølv og dei tilsette på skulen mot felles mål i eit lengre perspektiv.

Den som vert tilsett må kunne identifisere seg med Volda kommune sine verdiar:
RAUS – MODIG – LÆRANDE - KOMPETENT
 
Sektor oppvekst er ein lærande organisasjon. Erfaringsdeling og kunnskaps- og ferdigheitsutvikling har stor merksemd. I alle einingane arbeider vi med å ta i vare og vidareutvikle gode læringsmiljø som sikrar elevane ei god psykisk og fysisk helse. I botn for dette arbeidet ligg ei forventning om god relasjonskompetanse mellom våre tilsette. I Voldaskulen arbeider vi med utvikling på fleire område. Lesing og eit trygt og godt læringsmiljø er to av desse utviklingsområda. Å ha kompetanse og erfaring i å drive utviklingsarbeid i ein lærande organisasjon er ein fordel. Vi søker etter ein person som kan vere med å leie skulen mot våre mål. 

Rektor rapporterer til avdelingsleiar skule.



Arbeidsoppgåver

* Fag,- økonomi,- personal- og resultatansvar
* Leiar og pådrivar for utvikling innanfor gjeldande lovverk, sentrale føringar, kommunale vedtak, internkontroll og målsettingar
* Leiaroppfølging av dei tilsette
* Utvikling og gjennomføring av fagleg kvalitet på skulen
* Leie ei avdeling i endring og utvikle kompetansen til dei tilsette
* Samhandling med andre tenesteområde i sektoren samt andre interne og eksterne aktørar

Kvalifikasjonar

* Godkjent grunnskulelærarutdanning, eller annan høgare utdanning som gir skulefagleg og pedagogisk kompetanse
* Bør ha vidareutdanning innan leiing, eller forplikte seg på å tileigne seg slik kompetanse innan tre år
* Røynsle frå leiing innan grunnskuleområdet
* Røynsle frå prosjektleiing og utviklingsarbeid
* Gode dugleikar og kunnskap om digitale verkty, og vere pådrivar i digitalt utviklingsarbeid
* God økonomisk forståing
* God kjennskap til relevant lov- og avtaleverk

Personlege eigenskapar

* Strategisk og visjonær
* God rolleforståing
* Tydeleg og god til å kommunisere
* Gode samarbeidsevner – lyttar aktivt, anerkjenner og involverer andre sine perspektiv
* Stor arbeidskapasitet
* Løysingsorientert
* Utviklingsorientert

Saman med formal- og realkompetanse vert dei personlege eigenskapane, god munnleg og skriftleg framstillingsevne og digital kompetanse lagt stor vekt på.

Vi tilbyr

- Ei spanande og utfordrande stilling med høve til å prege skulen
- Deltaking i kommunalt nettverk
- Høve til etterutdanning/fagleg oppdatering
- Eit utviklingsorientert arbeidsmiljø
- God pensjonsordning med lånemogelegheiter
- Løn etter avtale

Stillinga er plassert i HTA kap. 3.4.2.

Kommunen nyttar nynorsk som målform. CV må fyllast ut i søknaden.
Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju. Førebels aktuelle datoar for intervju er 15.april, 21.april og 27.april. Referansar vil verte nytta. Ved intervju skal det leggast fram rettkjende kopiar av vitnemål og attestar.

Den som vert tilsett må legge fram gyldig politiattest.

Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som kjem fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Utanlandske borgarar må legge fram dokumentasjon på lovleg opphald og arbeidsløyve i Noreg
Prøvetida er 6 mnd.

Om offentlege søkjarliste
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar bli unnateke i offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv bed om det. Søkjarar som ønskjer at namn skal vere unnateke offentleg søkjarliste, skal grunngje dette. Kommunen er pliktig til å vurdere meiroffentlegheit og vi gjer ei konkret vurdering av søkjar sitt ønskje om fritak - opp mot dei omsyn som talar for offentlegheit. Om kommunen meiner at grunngjevinga for fritak ikkje er tilstrekkeleg, vil søkjar bli kontakta slik at det er mogleg å trekkje søknaden før endeleg søkarliste blir laga.      

  

Kontaktinformasjon

Cecilie Bjørlykke, avdelingsleiar skule, 97520931, cecilie.bjorlykke@volda.kommune.no

Arbeidsstad

Stormyra 2
6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune

Referansenr.: 5100226651
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Cecilie Bjørlykke

avdelingsleiar skule

97520931

cecilie.bjorlykke@volda.kommune.no

Om bedriften

Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med 11 131 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.

I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kulturliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.

Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.

Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

64cfbea8-b29f-492d-87f3-b62be593105b

Sist endret

23. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

75a12096ddd34ddb99bd84161c0bd386

Lignende annonser

Laster lignende annonser