Hopp til innhold

Rektor ved Gursken oppvekstsenter

Arbeidsgiver

Sande kommune, sektor for oppvekst og kultur

Sted

Rønnebergplassen 7, 6084 Larsnes

Om jobben

Stillingstittel
Rektor ved Gursken oppvekstsenter
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest onsdag 15. april

Sande kommune har fokus på å levere gode tenester til innbyggarane. Oppvekst og kultursektoren vår har ei felles målsetting om å skape gode oppvekstvilkår for borna i Sande. Vi har fokus på god overgang mellom barnehage og skule, og eit trygt og inkluderande læringsmiljø for alle. Dette gjer vi mellom anna gjennom PALS, BTS og kjerneverdiane våre; respekt, ansvar og omsorg. Kommunen har tre skular, lokaliserte i Gursken, Larsnes og Kvamsøya. Totalt har kommunen omlag 225 elevar og 50 tilsette.

Gursken oppvekstsenter består av skule og SFO, og er ein viktig møteplass i lokalsamfunnet. Vi søker ein dyktig og engasjert rektor som har interesse og ambisjonar for å utvikle skulen i samarbeid med tilsette, elevar og føresette. Som rektor i Sande kommune vil du vere ein del av oppvekst- og kultursektoren si leiargruppe. Du vil ha eit tett samarbeid med den tverrfaglege ressursgruppa og kommunen sine stab- og støttefunksjonar (økonomi, HR og kommunikasjon). 

Pågåande skulestrukturarbeid:
Sande kommune er inne i ei utgreiing knytt til framtidig skulestruktur. Saka skal politisk handsamast ila våren. Dette kan medføre endringar i organisering og administrasjon. Tilsetjing i denne stillinga skjer på desse vilkåra, og det må påreknast at ansvarsområde kan endre seg. Interne søkarar vil bli vurderte i prosessen. Meir informasjon gis i intervju. 


Arbeidsoppgåver

Rektor har ansvar for å leie skulen sitt heilskaplege arbeid med å utvikle eit trygt, varmt og inkluderande skule- og læringsmiljø.
Som rektor for eininga vil du ha det overordna pedagogiske ansvaret, i tillegg til personal- og økonomiansvar gitt i høve delegasjonsreglementet. Rektor har som sine hovudoppgåver å støtte dei tilsette i det daglege arbeidet, leige inn vikarar i høve fråvær, følge opp økonomi og planlegge utvikling ilag med sektoren si leiargruppe og andre ressurspersonar. 

Kvalifikasjonar

  • Relevant pedagogisk utdanning fra høgskole/universitet, jamfør Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa
  • Arbeidserfaring frå relevant tenesteområde
  • Rektorutdanning eller anna leiingutdanning
  • Erfaring som skuleleiar/leiar og god kjennskap til administrativ skuledrift er ønskeleg

Søkarar utan leiarutdanning kan vurderast om ein forpliktar seg til å gjennomføre dette.

Personlege eigenskapar

Vi ønsker ein rektor som kan leie, engasjere og skape gode rammer for både elevar og tilsette i skulen. Dette gjennom å vere lyttande og løysningsorientert. Du må trivast i eit hektisk miljø og samtidig kunne vere strukturert i høve eigen kvardag. Som rektor vil du samhandle med både elevar, foreldre, tilsette og andre. Det er difor viktig med god relasjonskompetanse, samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar. Vi ser etter deg som har interesse for leiing, utvikling, kultur, som kan skape samhald og bygge fellesskap. Du må ha god økonomisk forståing og kjennskap til lov og avtaleverk. Du har evne til å tenke heilskapleg, jobbe langsiktig og har gjennomføringskraft.

Du må elles ha gode digitale kunnskapar.

I sandeskulen nyttar vi nynorsk som målform. Kommunen nyttar nynorsk til all skriftleg kommunikasjon.

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale i høve kvalifikasjonar og kompetanse
  • Ein spanande jobb med allsidige oppgåver
  • Deltaking i intern leiarutvikling
  • Høve til etter- og vidareutdanning og fagleg oppdatering
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Stillinga er plassert i HTA kap. 3.4.2
  • Tilsetting i samsvar med gjeldande lov- forskrift og avtaleverk.

Kontaktinformasjon

Lilly-Arlen Kvalsund, kommunalsjef oppvekst og kultur, +47 93221131

Arbeidsstad

Rønnebergplassen 7
6084 Larsnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sande kommune

Referansenr.: 5094848980
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Lilly-Arlen Kvalsund

kommunalsjef oppvekst og kultur

+47 93221131

Om bedriften

Sande kommune er ein kystkommune i Møre og Romsdal med ca. 2500 innbyggarar. Sandesamfunnet inngår i ein felles bu- og arbeidsregion for Søre Sunnmøre med om lag 50.000 innbyggarar. Innanfor ei reisetid på 30–45 min. har ein tilgang til det ein treng av arbeid, til sjukehus, høgskule, flyplass, handel og opplevingar. Kommunen har eit variert og innovativt næringsliv, med hovudvekt på næringar knytt til den verdsleiande maritime klynga på Sunnmøre. Alt dette med utgangspunkt i unike naturmessige omgjevnader, i oversiktlege og trygge miljø med plass til alle.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

015ca974-99e9-40bf-81e7-52ee15800333

Sist endret

25. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

ae713d7ca5f44537b4f4df76115aa825

Lignende annonser

Laster lignende annonser