Lastebilsjåfør - 100 % stilling hos Encon på Voss
Encon AS
Dalsmoen 5, 5709 Voss
Om jobben
- Stillingstittel
- Lastebilsjåfør
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Tenk deg ein arbeidskvardag der du køyrer gjennom Hallingdal, Hardanger, Voss, Sogndal eller Bergen, omgitt av fjell, fjordar og noko av den flottaste naturen Vestlandet har å by på.
Hos Encon får du meir enn berre ein jobb - du får ein variert og sjølvstendig kvardag på vegen.
Me søkjer ein serviceinnstilt og påliteleg lastebilsjåfør i 100 % stilling. Som sjåfør hjå oss er du Encon sitt ansikt utad og den siste «selgaren» på plass hos kunde. Du er viktig for både leveransen og relasjonen.
Kvifor jobbe hjå Encon?· Primært 4 dagars arbeidsveka
· Du returner heim kvar dag
· Moglegheit til varierte køyreruter
· Konkurransedyktige betingelsar
· Fast stilling hos ein trygg og seriøs arbeidsgjevar
· Moderne bilar og godt utstyr
· God kundekontakt
· Ein arbeidskvardag med køyreglede og fantastisk natur
Arbeidsoppgåver:· Distribusjon av varer til kundar på ein trygg og god måte
· Lasting og lossing
· Kundekontakt ved levering
· Ansvar for eige køyretøy og trygg køyring
Kven ser me etter?· Du har førarkort klasse C eller CE og gyldig YSK
· Du snakkar norsk og/eller engelsk flytande
· Du er serviceinnstilt, ryddig og påliteleg
· Du trivst med ansvar og sjølvstendig arbeid
· God på å samarbeide på kryss av avdelingar
· Erfaring er ein fordel, men ikkje eit krav
Hjå oss er du meir enn berre ein sjåførDu er ein viktig del av verdikjeda -- ein som møter kundane med eit smil, lever kvalitet og bidreg til gode relasjonar.
Høyrest dette ut som noko for deg?
Send søknad og CV til camilla@encon.no, eller ta kontakt for ein uforpliktande prat.
Om bedriften
Encon AS er eit fullsortiments grossistselskap og ein del av selskapet DLVRY. Gjennom fellesskapet i DLVRY ligg styrken av fleire samarbeidspartnarar, med brei kompetanse innan varehandel, import og produktkunnskap.
Encon lever eit variert sortiment til eit mangfald av kundar. Gjennom året er det sesongvariasjonar, og arbeidskvardagen kan vere hektisk. Difor er det avgjerande med medarbeidarar som ynskjer å bidra til kvalitet og presisjon i alle ledd -- frå lager og logistikk til kundane si dør.
Distribusjonen omfattar heile Vestlandet og Hallingdal, med fokus på påliteleg leveranse og gode løysingar for kundane.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
64984626-c5ee-48ba-9ab2-70c42dfaf2d9
- Sist endret
23. januar 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
447336532
Lignende annonser
Lastebilsjåfør
Arbeidsgiver
Einvik Transport As
Sted
Møre og Romsdal, Rogaland, Vestland
Sjåfør/vaktmester
Arbeidsgiver
Voss herad Voss sjukeheim fellestenester
Sted
Voss
Arbeidsgiver
PostNord Norge
Sted
Voss