Hopp til innhold

Ledig vikariat som sjåfør/vaktmeister 100% stilling

Arbeidsgiver

Voss herad Voss sjukeheim fellestenester

Sted

Sjukehusvegen 15, 5704 Voss

Om jobben

Stillingstittel
Sjåfør/vaktmester
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 15. februar

Voss herad, helse og omsorg har ledig vikariat som sjåfør/vaktmeister 100% stilling frå 01.01.2026 til 31.12.2026

Om arbeidsstaden

Voss Sjukeheim er ein institusjon som ligg under Område Vest. Voss Sjukeheim ligg vegg i vegg med Voss Sjukehus og er i gangavstand frå Voss sentrum. Voss Sjukeheim består av ein kortidsavdeling med 3 interkommunale ØH-senger, ein langtidsavdeling samt Sone vest, som dekkjer heimesjukepleie og heimehjelps oppgåver i område Vangen sentrum til Bolstad i vest. Sjåførane er organisert under Område Vest, avd. Fellestenester som har ansvar for pasienttransport/mattransport/vaktmeister oppgåver og vaskeridrift, men ein vil arbeida ut mot alle avdelingar i helse og omsorg.
 

Arbeidsoppgåver
  • Som sjåfør/vaktmeister vil du ha eit tett samarbeid med dei ulike avdelingane. Tenesta er i utvikling og organiseringa kan verta endra då me skal dreia ressursar frå institusjonsbasert til heimebasert omsorg.
  • Ein spanande stilling med varierte arbeidsoppgåver som krev kunnskap og fleksibilitet. Det vert forventa at du deltek aktivt i utvikling av våre tenester og set brukar i sentrum. Me arbeider etter prinsippa i tillitsmodellen og helse og omsorg sin strategi " morgondagens omsorg i mine og dine hender"

 Sentrale arbeidsoppgåver vil være:

  • Køyra brukarane til og frå dagsenter
  • Samarbeide både med dagavdelinga, heimetenesta, sjukeheimane og pårørande.
  • Diverse køyring mellom sjukeheimane, tannlegekøyring, turkøyring m.m.
  • Hovudansvar for dagleg og periodisk vedlikehald av bussen, oppfølging av EU-kontroller, servicar ol. i samarbeid med leiar.
  • Delaktig i utarbeidelsen av kjørerutene/logistikken
  • Vaktmeister oppgåver m.m.

Arbeidstid frå måndag til fredag, dagtid. Men ein må pårekna endring av arbeidstid ettersom samlokalisering/omorganisering av dagaktivitetstilbodet er planlagt gjennomført flytta til Vetleflaten i løpet av våren/sommaren.
Du vil være tilknytt eit godt arbeidsmiljø med travle dagar saman med våre 5 andre sjåfør/vaktmeister.
 

Kvalifikasjonar:
  • Førarkort kl. D1 (Minibuss)
  • Kompetansebevis for yrkessjåfør (YSK)

 Personlege eigenskapar:

  • Serviceinnstilt og fleksibel
  • Nøyaktig
  • Punktleg
  • Ansvarsbevisst
  • Gode norsk kunnskapar

 
Me vektlegg personlege eigenskapar som stå på vilje, glad i utfordringar og har ynskje om å vidareutvikle våre tenester og bidra i arbeidsmiljøet vårt. Våre verdiar: påliteleg, inkluderande, profesjonell, skapande.
Godkjend politiattest må framleggas før tiltreding i stillinga.
 

Me tilbyr
  • spennande og utfordrande stilling i ein kommune i utvikling
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • godt arbeidsmiljø
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Søknad

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver venleg og legg ved vitnemål og attestar i søknaden


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Håkon Grimestad

48014581

Hakon.Grimestad@voss.herad.no

Om bedriften

Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo. Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad. Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

627209e2-fc2c-45fe-a359-21415dc1e1e4

Sist endret

22. januar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3586751_213107_nn

Lignende annonser