Hopp til innhold

Engasjement på helse- og oppvekstfag

Arbeidsgiver

OPK-SD - Sogndal vgs, Vestland fylkeskommune

Sted

Lunnamyri 2, 6856 Sogndal

Om jobben

Oppstart
1. august 2026
Stillingstittel
Engasjement på helse- og oppvekstfag
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest fredag 22. mai

Sogndal vidaregåande skule er ein stor skule i Vestland med omlag 700 elevar og 130 tilsette. Skulen har for tida 38 klasser fordelt på utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk, elektrofag, idrettsfag, helse- og oppvekstfag, studiespesialisering, sal, service- og reiseliv, restaurant- og matfag og teknologi- og industrifag. Vi har også landslinje for yrkessjåførar, vaksenopplæring og ansvar for fengselsundervisning. Lokala våre er nye og moderne og vi held til på Fosshaugane Campus. Vi har godt arbeidsmiljø for dei tilsette og vi legg vekt på å ha gode læringsmiljø for elevane.

Meir informasjon om skulen får du på heimesida www.sogndal.vgs.no

Vi har behov for inntil 10 prosent vikar i undervisningsstilling innan helse- og oppvekstfag frå august 2026 og ut skuleåret 2026/27.

Arbeidsoppgåver

Du vil undervise og ha elevoppfølging i aktuelle programfag på helse- og oppvekst. Kontaktlæraransvar kan bli lagt til stillinga. 

Det er forventa at du kan planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning både sjølvstendig og saman med andre. Du må reflektere kring rolla di, både sjølvstendig og saman med andre, og vere motivert for å bidra til eiga og andre si endring og utvikling.

Vi legg vekt på utvikling av pedagogisk praksis og utvikling av profesjonsfellesskapet. 

Kvalifikasjonar

Du som vert tilsett må ha undervisningskompetanse i felles programfag på vg1 helse- og oppvekstfag og/eller vg2 barne- og undomsarbeiderfaget. Relevant erfaring er også ønskjeleg. Du må også ha relevant digital kompetanse. 

Personlege eigenskapar

Vi ønskjer deg som utøver god klasseleiing, som trivast med å arbeide og byggje relasjonar til ungdom og er ein god rollemodell. Du må opptatt av å skape eit trygt og godt læringsmiljø og framstå som positiv, raus, fleksibel og omgjengeleg. 

Vi er opptatt av utvikling av profesjonsfellesskapen og ønskjer at du har utviklings- og endringskompetanse og er god på samarbeid.

Vi tilbyr

Lønn etter avtale og offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.

Andre opplysningar: 
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Stillinga vert utlyst med atterhald om at utlyst tilbod vert igongsett, samt at eventuelle overtallige i Vestland fylkeskommune kan ha førerett til stillinga. Dette vert avklara før tilsetting. 

Kontaktinformasjon

Lars Olav Halleraker, avdelingsleiar, 57654707
Jorunn Felde, rektor                        , 95191964

Arbeidsstad

Lunnamyri 2
6856 Sogndal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5125898788
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 22.05.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Jorunn Felde

rektor

95191964

Lars Olav Halleraker

avdelingsleiar

57654707

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

64093789-7af7-46ef-a457-b5f7a4c8ea5d

Sist endret

8. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

a6f3aa4dd90c4a52a6fcf4174c91f8d6

Lignende annonser

Laster lignende annonser