Me søkjer butikkmedarbeidar til Joker Balestrand
Holmamat AS
HOLMEN 11, 6899 Balestrand
Om jobben
- Stillingstittel
- Butikkmedarbeidar til Joker Balestrand
- Type ansettelse
- Fast, deltid
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. mars
Vil du arbeide i ein lokalbutikk i sjølve indrefileten i Sogn, der fjord og fjell byr opp til naturopplevingar av høgste kvalitet.
Me søkjer no ein påliteleg og serviceinnstilt butikkmedarbeidar til vår butikk i Balestrand, 6899 til eg døyr!
Hjå oss møter du både fastbuande og tilreisande, og du blir ein del av eit lite og inkluderande arbeidsmiljø der samarbeid og godt humør står sentralt.
Arbeidsoppgåver-
Kundebehandling og kassearbeid
-
Varepåfylling og vareeksponering
-
Orden og reinhald i butikk
-
Bidra til ein hyggeleg og effektiv handleoppleving
-
Anna førefallande butikkarbeid
-
Er blid, serviceinnstilt og imøtekomande
-
Er strukturert og tek ansvar
-
Trivst med varierte arbeidsdagar og eit tidvis høgt tempo
-
Er fleksibel når det gjeld arbeidstid (dag, kveld og helg)
-
Har fylt 18 år
Erfaring frå butikk er ein fordel, men ikkje eit krav -- opplæring vil bli gjeve på ein pedagogisk måte.
Me tilbyr-
Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
-
Varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver
-
Opplæring og utviklingsmoglegheiter
-
Arbeidsplass i ei levande bygd, der du kan gjere alt frå å spele innadørs golf til å dra opp teiner med hummar frå fjorden
Fulltid eller deltid etter avtale. Oppstart så snart som mogleg.
Har du lyst til å bli ein del av laget vårt?
Send søknad og CV til oss, eller lever personleg i butikken, innan 15. mars.
Me ser fram til å høyre frå deg!
Ta kontakt med butikksjef Tarek om du har spørsmål til stillinga
Joker.balestrand@joker.noTlf: 918 10 367
Eller
Eirik Thue, styremedlem i Joker Balestrand
959 45 712
Om bedriften
Joker Balestrand ligg i Homatunet, midt i turistperla Balestrand. I same bygget finn du mange kontorarbeidsplassar, bibliotek, Frivilligsentral, tannlege og fleire butikkar.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
63dd89b2-59ab-4a71-856c-a75d80df6515
- Sist endret
25. februar 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
452510335
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Sogndal kommune, bu- og miljøtenesta
Sted
Balestrand
Arbeidsgiver
Sogndal kommune Bu- og miljøtenesta Balestrand
Sted
Leikanger
Arbeidsgiver
Biltema Norge
Sted
Sogndal