Hopp til innhold

Extra Sogndalsfjøra søkjer sommarvikarar

Arbeidsgiver

Coop Nordvest SA

Sted

Fjørevegen 20, 6856 Sogndal

Om jobben

Type ansettelse
Vikariat, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 19. april

Me har behov for sommarvikar, og søkjer ein engasjert og blid medarbeidar. Stillinga ligg i turnus med faste arbeidsvakter på dagtid, kveld og annakvar laurdag. Det blir høve til ekstra timar ved fråvær i butikken, og i høgsesongar og feriar.  Du må ha fylt 18 år, og du må kunne snakke og skrive norsk. 

Arbeidsoppgåver
  • Kundebehandling
  • Kasse
  • Varemottak / vareplassering
  • Førefallande reinhald og rydding

 

Våre forventningar til deg: Du er hjelpsam og imøtekommande, og trivst med sal og kundebehandling. Du jobbar effektivt og målretta, kan vere fleksibel, og jobbar godt både sjølvstendig og i team. Det er viktig for oss at du medverkar til eit godt arbeidsmiljø i butikken og trivsel for kundane våre.

Vi kan tilby varierte arbeidsoppgåver og ordna tariffbaserte løns- og arbeidstilhøve. Du får nødvendig opplæring og ytterlegare kompetanseheving gjennom våre e-læringskurs. Du blir medlem av vår innskotsbaserte pensjonsordning med eigensparing, og er dekka av våre forsikringsavtaler. Vi har rabattavtaler for tilsette.

Spørsmål om stillinga kan rettast til butikksjef 

Søknad og CV registrerast digitalt.

Søknadsfrist: 19.april 2026

 

Kontaktperson for stillingen

Annika Fardal

Butikksjef

+47 97171524

annika.fardal@coop.no

Om bedriften

Coop Nordvest SA er eit av dei største samvirkelaga i Coop i Norge, med 6 milliardar i omsetnad og ca. 2200 medarbeidarar. Vi har butikkar i 46 kommunar, frå Åfjord i nord til Lærdal i sør, i Trøndelag, Møre og Romsdal og Vestland fylke. Vår verksemd er i første rekke innan daglegvare, i tillegg har vi ein del faghandels- og byggevarebutikkar. Vi er eigd av våre 189 000 medlemmar, og vert drive etter samvirke-prinsippa. Vi har kontor på Orkanger, i Ålesund og i Førde. Vi har som mål å vere eit av landets best drivne samvirkelag. Som ein regionalt stor aktør i ein konkurranseutsett bransje, møter vi heile tida nye konkurranseforhold og utfordringar. Måten vi møter dei på, avgjer om kunden framleis vil velje oss framfor konkurrentane.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e3b91b58-ac68-473f-a1bb-69d0ac4cdc76

Sist endret

30. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

ecbdf7efaf00412b9cff96b5e5ab098f

Lignende annonser

Laster lignende annonser