Hopp til innhold

Klinisk terapeut/psykolog

Arbeidsgiver

Helsetenesta i Bykle og Valle, Bykle

Sted

Sarvsvegen 31, 4754 Bykle

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Klinisk terapeut/psykolog vikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Bykle kommune og Valle kommune har felles helseteneste med Bykle kommune som vertskommune. Helsetenesta i Bykle og Valle har 24 tilsette fordelt på legeteneste, fysioterapi, ergoterapeut, jordmor, helsestasjons- og skulehelseteneste samt psykisk helse og familiestøtte.

Psykisk helse og familiestøtte i Bykle og Valle har ledig 100 % vikariat som klinisk terapeut frå så raskt som mulig til 31.08.2025, med moglegheit til forlenging.
Tenesta har kontor i Valle, Bykle og på Hovden og er ansvarleg for å førebygge, diagnostisere og behandle innanfor psykisk helse og avhengigheit. Det er tett samarbeid med dei andre tenesteområde i kommunen, samt spesialisthelsetenesta. Tenesteområdet er tverrfagleg samansett av terapeut, SLT- koordinator, ruskonsulent og psykolog.

Vi tilbyr ein allsidig jobbkvardag i vakker fjellnatur, og ønskjer deg med på laget!

 

Arbeidsoppgaver

  • Behandling av pasientar med psykiske lidingar – alle aldersgrupper
  • Arbeid målretta for å førebyggje og redusere rusmisbruk og psykiske lidingar
  • Kartleggingsarbeid
  • Støttesamtalar, rettleiing og oppfølging
  • Tverrfagleg samarbeid med primær- og spesialhelsetenesta
  • Noe systemarbeid må påregnes

Kvalifikasjoner

  • Treårig relevant helsefagleg utdanning, primært med videreutdanning innen psykisk helse og/eller familieterapi
  • Erfaring frå arbeid innan psykisk helse og rus
  • Ønskeleg med behandlingserfaring
  • Ønskeleg med kompetanse innan familiearbeid, foreldrerettleiing, samt arbeid med born og unge
  • Må beherske norsk godt, skriftleg og munnleg
  • Grunnleggjande IKT-kunnskap, vi nyttar InfoDoc som journalsystem

Personlige egenskaper

  • God på kommunikasjon og tverrfagleg samhandling
  • Feksibel og ha evne til å arbeide sjølvstendig 
  • Ønsker å videreutvikle rus/psykisk helsearbeid i kommunen
  • Motivert til å dele sin kunnskap med og å lære av andre
  • Ha god etisk praksis både i arbeid med brukare og i samarbeid med kollegaer
Personlege eigenskaper vil bli vektlege.

Vi tilbyr

  • God rettleiing av to erfarne psykologar
  • Høve til å påverke og utforme arbeidsplassen
  • Godt kollegialt fellesskap og ein arena for interessante, varierte arbeidsoppgåver
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Kommunen kan vere hjelpsam med å skaffe bustad
  • God pensjons- og forsikringsordning
  • Mangfaldige moglegheiter til friluftsaktivitetar både sommar og vinter

Krav om politiattest ved tilsetting.

 

Kontaktinformasjon

Ragnhild Åvesland Hoslemo, Tjenesteleder, 47354904

Arbeidsstad

Sarvsvegen 31
4754 BYKLE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bykle

Referansenr.: 5044142484
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Sluttdato: 28.02.2027
Søknadsfrist: 03.12.2025

Om bedriften

Bykle kommune som arbeidsgjevar:

  • Vi er organisert på tre nivå: kommunedirektør med stab, tre kommunalområdar og syv tenesteeiningar 
  • Vi er ca. 190 tilsette
  • Hos oss er det kort avstand mellom leiar og tilsett
  • Vi er ei IA-bedrift

Om Bykle:

  • Bykle kommune har ca. 1000 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal
  • Kommunesenteret er lokalisert i Bykle
  • Hovden er eit stort turistsenter, og i sesong aukar innbyggjertalet i kommunen til over 20 000
  • Fritidstilboda er mange og varierte, både sommar og vinter. Vi har blant anna eit flott alpinsenter, nypreppa langrennsløyper både i nærområde og på høgfjellet, golfbane og badeland
  • Vi er kjende som eit attraktivt turistmål med gode kraftinntekter 
  • Det er løpande SFO- og barnehageopptak 

Avstandar:

  • Bykle - Kristiansand er 18 mil
  • Bykle - Oslo er 29 mil
  • Bykle - Stavanger er 33 mil
  • Bykle - Bergen er 35 mil

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

633e5455-f8db-4afa-8a4b-6cea139f24e9

Sist endret

4. desember 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

9db6008b26e44547b0f4b3e0b8469906

Lignende annonser