Hopp til innhold

Fysioterapeut på kveld

Arbeidsgiver

Ortopedisk klinikk/ Fysioterapiavdelinga, Helse Bergen HF

Sted

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Fast fysioterapeut på kveld
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidstid
Turnus, kveld
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest torsdag 28. mai

Fysioterapiavdelinga er ei serviceavdeling organisert i Ortopedisk klinikk. Totalt har avdelinga rundt 85 stillingar og rundt 100 tilsette.

Vi har frå 31.08.26 ledig fast stilling som kveldsvakt. Kveldsvaktene arbeider i 15 vekers turnus og 18,5% stilling tilsvarer 20 vakter på 15 veker. Kvar vakt varer frå kl. 15.30 til 20.30 og tenesta er kvar kveld heile året. Tenesta er delt på 5 kveldsvakter og man samarbeider med fysioterapeutar på forskyvd vakt.


Arbeidsoppgåver

Hovudarbeidsfeltet på kveld er lungefysioterapi for pasientar ved dei fleste somatiske avdelingane på sjukehuset, til dømes Intensivavdelinga, Lungeavdelinga og Barne- og ungdomsklinikken. Pasientar med andre problemstillingar, til dømes brannskadar, blir òg behandla. Det er fysioterapeutar på dagtid som prioriterer pasientar til behandling på kveld. I tillegg kan dei kliniske avdelingane ringe etter fysioterapeut ved akutt behov på kveld

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som Fysioterapeut
  • Du må ha erfaring frå lungefysioterapi på sjukehus
  • Du må ha erfaring frå arbeid på sjukehus med kritisk sjuke paientar
  • Det er ein fordel med erfaring frå arbeid med både barn og vaksne
  • Det er ein fordel med etter- og/eller vidareutdanning innan lungefysioterapi
  • Du må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Ved tilbod om stilling må du legge fram tilfredsstillande politiattest (vandelsattest), jf. Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma)

Personlege eigenskapar

  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Du kan arbeide sjølvstendig og har god fagleg vurderingsevne
  • Du er fleksibel og effektiv i arbeidet 
  • Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjonar og arbeider stabilt under press
  • Du er ansvarsbevisst, punktleg og påliteleg

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Avdelinga har eit omfattande opplæringsprogram for nye kveldsvakter før oppstart i turnus
  • Det er eigne møte og undervisning for dei som jobbar på kveld
  • Det vil vere gode moglegheiter for å ta ekstravakter på kveld og på dagtid i vanlege helgar, helge- og høgtidsdagar i tillegg til i sommarferieavviklinga
  • Det vil eventuelt også vere mogleg å kombinere med vikariat på dagtid ved ledigheit
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Else Sterndorff, Avdelingssjef, 55972863

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5127990119
Stillingsprosent: 18,5%
Fast
Søknadsfrist: 28.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Else Sterndorff

Avdelingssjef

55972863

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

6335b191-8167-4adc-8c90-9175b0839c8f

Sist endret

11. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

c4b085e3e18e41ef8d0f4ac67240af21

Lignende annonser

Laster lignende annonser