Forretningsutviklar for etter- og videreutdanning
NTNU - Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet
Larsgårdsvegen 2, 6009 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Forretningsutviklar EVU (05/26)
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 17. mars
Dette er NTNU
NTNU er eit breiddeuniversitet med ein teknisk-naturvitskapleg hovudprofil og eit tyngdepunkt innan profesjonsutdanning. Universitetet er lokalisert i tre byar med hovudsete i Trondheim.
På NTNU jobbar 9 000 tilsette og 43 000 studentar med å skape kunnskap for ei betre verd.
Video: https://youtu.be/Xt-yHCN5QS0Om stillinga
NTNU i Ålesund ynskjer å styrke sitt tilbod innan etter- og vidareutdanning, og søkjer ein engasjert forretningsutiklar som skal bidra til å utvikle og selje etter- og vidareutdanningstilbod i tråd med behova i regionalt og nasjonalt arbeids- og næringsliv, i tett samarbeid med våre fagmiljø. Stillinga er del av eit attraktivt kunnskapsmiljø ved Noregs største universitet og institutta ved NTNU i Ålesund.
Som forretningsutiklar vil du vere ein pådrivar for utvikling av utdanning og kurskonsept, i nært samarbeid med fagmiljøa ved NTNU. Du vil skaffe deg god innsikt i kompetansebehova i arbeids- og næringslivet, og vere ein nøkkelperson for kompetanseplanlegging og utvikling av etter- og vidareutdanningstilbod.
Dette er ei fast stilling ved Avdeling for utdanning. Næraste leiar er seksjonsleiar ved NTNU i Ålesund.
Arbeidsoppgåver
- bygge nettverk og identifisere aktørar for samarbeid
- utvikling av kurskonsept og forbetringsarbeid innanfor etter- og vidareutdanning
- tverrfagleg samarbeid med ulike institutt og fagmiljø ved NTNU
- fagleg drift og administrasjon av kursverksemd- og portefølje
- forretningsutvikling og sal av etter- og vidareutdanningstilbod
Kvalifikasjonskrav
- høgare utdanning tilsvarande mastergrad, relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
- erfaring frå utviklings- og prosjektarbeid
- meget god munnleg og skriftleg evne til å framstille norsk og engelsk
- kjennskap til lokalt og regionalt arbeids- og næringsliv
Ynskja kvalifikasjonar
- erfaring frå nettverksbygging
- erfaring frå sal og marknadsføring eller utoverretta verksemd
- leiarerfaring
- kjennskap til UH-sektor
- erfaring med etter- og vidareutdanning
Personlege eigenskapar
- proaktiv og initiativrik
- sjølvstendig
- god forretningsforståing
- god på relasjonsbygging og kommunikasjon
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg vi vekt på utdanning, erfaring og personleg eignaheit, samt din motivasjon for stillinga.
Vi tilbyr
- spanande og utviklande oppgåver i eit sterkt og internasjonalt fagmiljø
- ope og inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
- gunstige vilkår i Statens pensjonskasse
- tilsettgoder og fordelar
Løn og vilkår
I stillinga som rådgjevar/seniorrådgjevar (kode 1434/1364) vil du normalt lønast frå brutto kr 750 000 til kr 850 000 pr. år avhengig av kvalifikasjonar og ansiennitet. Frå løna vert det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
Tilsetjinga vert gjennomført etter prinsippa i statsansatteloven, og lovverk som regulerar eksport av kunnskap, teknologi og tenester. Etter tilsetjinga må du rekne med at det kan skje endringar i arbeidsområdet.
Om søknaden
Vi gjer merksam på at søknaden berre blir vurdert ut frå informasjonen som ligg føre ved utløp av søknadsfrist. Sørg difor for at søknaden din tydeleg syner korleis evnar og erfaringar fyller kriteria som er beskrive over.
Søknaden må innehalde:
- CV, attestar og vitnemål
- namn og kontaktinformasjon til minimum to relevante referansar
Dersom heile eller delar av utdanninga di er gjennomført i utlandet, ber vi deg legge ved dokumentasjon på omfang og kvalitet for heile utdanningsløp ditt, både bachelor- og masterutdanning, i tillegg til anna høgare utdanning. Skildring av kva dokumentasjon som er naudsynt finn du her. Dersom du allereie har ein profil frå HK-dir, er det fint om du legg ved den også.
Generell informasjon
Inkludering og mangfald er ei styrke. Vi ynskjer at våre tilsette skal spegle befolkninga, og søkjer til ei kvar tid dei beste kandidatane. Dette gir NTNU auka produktivitet, innovasjon, betre avgjerdsprosessar, auka medarbeidartilfredsheit og det konkurransefortrinnet vi treng for å gjennomføre samfunnsoppdraget vårt innan forsking og utdanning. NTNU legg vekt på tilrettelegging og oppfordrar deg som kvalifisert kandidat til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne, hol i CV eller kulturell bakgrunn.
Som tilsett ved NTNU må du til ei kvar tid rette deg etter endringar som utviklinga i faget fører med seg, og dei organisatoriske endringane som blir vedtekne.
Offentleg søkjarliste med namn, alder, stillingstittel og bustadkommune blir utarbeidd etter søknadsfristen. Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste må dette grunngjevast. Vurdering vil bli gjort i samsvar med gjeldande lovverk. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir teken til følgje.
Viss du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med Elisabet Simahaug Halvorsen, tlf. 97 68 26 09.
Syns du dette ser interessant ut, og i samsvar med kvalifikasjonane dine, send oss søknaden din elektronisk via jobbnorge.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunne skaffe rett kopi av dokumentasjonen din.
Søknadsfrist: 17.03.2026Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
NTNU - kunnskap for ei betre verd
Ved NTNU, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, skaper vi kunnskap for ei betre verd og løysingar som kan endre kvardagen.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
62d549f0-adcd-4fe2-86c4-0d91cd2be902
- Sist endret
2. mars 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10284925
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Spjelkavik vidaregåande skole, Møre og Romsdal fylkeskommune
Sted
Ålesund
Business and Administration Coordinator
Arbeidsgiver
Seaonics AS
Sted
Ålesund
Arbeidsgiver
NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Sted
Ålesund