Intensivsjukepleiar - bli ein del av eit av landets leiande fagmiljø
Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Intensivsjukepleiar - bli ein del av eit av landets leiande fagmiljø
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 4
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 26. juli
Vil du jobbe med avansert intensivmedisin i et sterkt fagmiljø – og gjere ein forskjell når det gjeld som mest?
Haukeland universitetssjukehus søker intensivsjukepleiarar til fleire av våre spesialiserte intensivavdelingar. Hos oss får du anledning til å jobbe breitt innan intensivmedisin, i tett samarbeid med dyktige kollegaer og i eit miljø prega av høg kompetanse, fagutvikling og forsking.
Vi har ledig faste stillingar ved desse avdelingane:
- Dagkirurgisk seksjon
- Postoperativ seksjon
- Postoperativ Glasblokkene
- Intensivmedisinsk seksjon
Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa.
Vi gleder oss til å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
Kirurgisk serviceklinikk (KSK) har ansvar for store delar av tilbodet tilknytta anestesi, intensivmedisin, akuttmedisin og smertebehandling i Helse Bergen HF. KSK er den største somatiske klinikken i sjukehuset med sju avdelingar og ca. 1400 tilsette. Operasjonsavdelinga (OPA) er ein av sju avdelingar ved KSK og består av ca. 350 operasjons- og anestesisjukepleiarar.
OPA har ansvar for store delar av tilbodet innan anestesi -og operasjonsverksemd, og våre tilsette har kunnskap og kompetanse innan fleire ulike fagfelt.
Dagkirurgisk seksjon er ein av dei seks avdelingane i OPA, og har 6 operasjonsstover, 15 oppvakningsplassar og 6 plassar på ØNH dagkirurgisk eining. Stillinga er for tida på dagtid, med enkelte vakter fram til kl. 17 eller 18. Ein må rekne med noko vaktarbeid ved eventuelle framtidige endringar i organiseringa av eininga.
Seksjonen behandlar dagkirurgiske pasientar innan generell kirurgi, ØNH, gynekologi og ortopedi, frå barn til vaksne. Seksjonene held høg standard og har eit godt og spennande miljø.
Kontakt: Karen Ugelvik, tlf. 55970473.
Postoperativ seksjon er ein dynamisk og spennande arbeidsplass der ein overvakar og behandlar ca 12 000 pasientar årleg. Vi overvakar barn og vaksne, hovudsakleg etter generell kirurgi. Vi tar og imot eit stort antall øyeblikkelig hjelp og traumepasientar. Vi legg til rette for gode opplæringsplanar med fagsjukepleiar og kontaktsjukepleiar ved oppstart. Vi har allsidige arbeidsoppgåver og og varierte pasientgrupper: Ortopediske, kirurgiske og hovud-hals-pasientar. Ønskeleg med 2 års relevant erfaring og gjerne erfaring frå postoperativ avdeling, spesialisthelsetenesta. Erfaring frå kirurgiske pasientar er ein fordel. Vi har 3-delt turnus og jobbar 16 helgar på 52 veker.
Kontakt: Mette Ravnøy, tlf. 55972436.
Kvalifikasjonar (overskrift)
Postoperativ Glasblokkene er ein del av Intensiv- og postoperativ avdeling i Kirurgisk serviceklinikk (KSK). Vi er ein relativt ny seksjon ved Haukeland universitetssjukehus. Sidan oppstarten i november 2023 har vi vore lokalisert i Glasblokkene. Vi har eit engasjert fagmiljø prega av høg kompetanse, og tett samarbeid på tvers av fag og profesjonar. Vi yter postoperativ overvaking og sjukepleie.I Glasblokkene driftar vi over to etasjar, der U2 hovudsakleg er for vaksne pasientar (døgndrift) med eige kirurgisk mottak. Dagkirurgi utgjer ein stor del av verksemda innan fagfelta gynekologi og obstetrikk samt bryst- og endokrinologi. Øyeblikkeleg hjelp (ØH) frå Kvinneklinikken utgjer ein vesentleg del av drifta vår. I U1 held vi ope mandag til fredag kl 08-18. Her overvakast primært barn, etter operasjon eller undersøking/behandling i narkose. I tillegg drifter vi to gonger i veka postoperativ overvaking i Augebygget.
Hos oss får du variasjon, i ei moderne postoperativ eining med ulike pasientforløp og eit engasjert og faglig sterkt arbeidsmiljø.
No ønskjer vi fleire dyktige intensivsjukepleiarar med på laget. Hos oss får du ein variert og allsidig arbeidskvardag med både heildøgnspasientar og dagkirurgi. Vi legg til rette for gode opplæringsplanar med fagutviklingssjukepleiar og kontaktsjukepleiar ved oppstart.
Kontakt: Svanhild Sangolt Foldnes, tlf. 47515846.
Intensivmedisinsk seksjon behandlar oppunder 600 pasientar årleg i alle kategoriar frå barn til vaksne. Seksjonen held høg fagleg standard og har eit godt og spennande miljø. Eksempel på avansert intensivbehandling som blir brukt er respirator, hemofiltrasjon og ECMO. Seksjonen har pasienten i sentrum med eit stort fokus på fag, forsking og utdanning. Intensivmedisinsk seksjon er ei topp moderne intensiveining på 11 intensivsenger. Det er nærare 100 intensivsjukepleiarar og 12 intensivlegar tilsette ved seksjonen.
Vi har ledig 100% faste stillingar for intensivsjukepleiar med arbeid for tida kvar tredje helg.
Kontakt: Siril Iren Sagstad, tlf. 55972443/41454282.Arbeidsoppgåver:
- Overvaking, behandling og pleie av kritisk sjuke pasientar
- Handtering av avansert medisinsk-teknisk utstyr
- Samarbeid i tverrfaglege team med legar og anna helsepersonell
- Ta vare på pasienten og dei pårørande sine behov i ein krevjande situasjon
- Bidra til fagutvikling, undervisning og rettleiing av studentar og kollegaer
- Norsk autorisasjon som sykepleier
- Videreutdanning i intensivsykepleie
- Relevant erfaring fra intensiv, akuttmedisin eller lignende er en fordel
Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum - B2/NOR-U3- nivå eller høgare
- Evne til å arbeide strukturert og håndtere akutte situasjoner
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Ansvarsbevisst og faglig engasjert
- Fleksibel og løsningsorientert
- Interesse for faglig utvikling og ny kunnskap
- Et sterkt fagmiljø med høy kompetanse og engasjerte kollegaer
- Lønn etter gjeldande avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordninger
- Turnusordning med arbeid dag, kveld og natt
- Langvakter på nokre av avdelingane
- Tilgang til vårt idrettslag – HSI – med mange aktivitetar og eit sosialt fellesskap
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Sjå kontaktperson, oppgitt for den enkelte avdelingaArbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5140998194
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.07.2026
Kontaktperson for stillingen
Sjå kontaktperson
oppgitt for den enkelte avdelinga
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
62a91370-1656-4b83-9e39-65fe4f2b55ca
- Sist endret
10. juli 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cdee3ffe9e3745bca50f6fccaf77e53a