Lege i spesialisering barnesjukdomar
Sengepost for barn og unge SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen 2, 6450 Hjelset, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lege i spesialisering barnesjukdomar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 25. juli
Avdeling for barnemedisin og habilitering har behov for å styrke bemanninga ved sjukehuset ved Hjelset. Vi søkjer etter vaktkompetent Lege i spesialisering innan barnesjukdomar, med oppstart frå snarast.
Stillinga inneber arbeid i sengepost og poliklinikk for barn og unge på dagtid. Heimevakter på kveld/natt/helg. Kristiansund sjukehus og Molde sjukehus blei slått saman til eit nytt fellessjukehus. Det nye akuttsjukehuset på Hjelset i Molde kommune. Har sengepost, dagbehandling og poliklinikk for barn og ungdom. Felles fødeavdeling med ca 800 fødslar pr.år. Samt poliklinikk og dagbehandlingstilbud for barn og unge i SNR Kristiansund.
Vi ønsker deg som er interessert i å jobbe med barn og unge, og som vil være med å bygge opp vårt nye tilbud på SNR Hjelset velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag!
Arbeidsoppgåver
- Mottak av ø-hjelps pasientar
- Behandling og oppfølging av inneliggande pasientar
- Deltaking i spesialiseringsløp
- Dagbehandling og poliklinisk arbeid
- Heimevakt på kveld/natt/ helg
Kvalifikasjonar
- Søkjarar må ha norsk autoriasjon som lege
- Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
- Gode kunnskapar i norsk/nordisk språk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du har gode evner til tverrfagleg samarbeid og samhandling med kollegaer og samarbeidspartnarar
- Du har interesse for faget, og eit ønskje om å spesialisere deg innan barnemedisin
Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som lege i spesialisering.
Drøymer du om å bo med kort avstand mellom hav, fjell og fjord med rikt høve til friluftsliv? Å ha tilgang på eit rikt og engasjert kulturmiljø i ein kystbyar med ambisjonar?
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her!
Kontaktinformasjon
Siv Helen Kristoffersen, Seksjonsleiar, 711 16581, Siv.Helen.Kristoffersen@helse-mr.no
Bente Askestad, Seksjonsoverlege, 711 21590
Arbeidsstad
Opdølvegen 2
6450 HJELSET
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 4989149008
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.07.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Bente Askestad
Seksjonsoverlege
711 21590
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
62a724a9-72da-4038-b574-bcb06ee14678
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4ddee8f3efa94dec801cd17f548d5180