Sjukepleiar/spesialsjukepleiar
Sengepost medisin 1 SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen 4, 6450 Hjelset, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar/spesialsjukepleiar
Type ansettelse
Fast, deltid 60.%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 28. oktober
I slutten av april flytta sjukehusa i Molde og Kristiansund saman til eit topp moderne felles sjukehus for Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset. Her vart det oppretta ein heilt ny sengepost med døgnkontinuerleg drift for pasientar innan fagområda kreft, palliasjon og blodsjukdomar. Vi søkjer no etter dyktige og engasjerte sjukepleiarar/spesialsjukepleiarar i faste stillinger til denne posten. Dei ledige stillingane er:
60 % fast stilling med 20 % vikariat tom 31.12.26, for tida med arbeid på natt med langvakter og arbeid kvar 4. helg.
80 % midlertidig stilling tom 31.12.26, for tida med arbeid på natt med langvakter og arbeid kvar 4. helg, med moglegheiter for forlenging.
Seksjonen vil ha plass til 15 pasientar, der alle vil ha einerom og tilgang til eige bad. Vi har ambisjonar om å byggje ei avdeling med eit høgt fagleg nivå, der ein arbeider i team og kan spele kvarandre gode. Målet er å skape ei avdeling som står for kvalitet, tryggleik og respekt for både pasientar, pårørande og tilsette. Samstundes vil vi bidra til å forbetre tilbodet til pasientane våre.
Synest du dette verkar interessant? Har du engasjement eller interesse for fagområda og pasientane? Då ønskjer vi gjerne at du sender ein søknad til oss. Oppgje gjerne kva stilling du søkjer på.
Ved interne omrokkeringar kan andre stillingsprosentar bli aktuelle.
Arbeidsoppgåver
- Teamarbeid saman med sjukepleiarar, spesialsjukeplerarar, helsefagarbeidarar og mellom anna onkolog, hematolog og palliativt team, ernæringsfysiolog, fysioterapeut og ergoterapeut.
- Pasientane i seksjonen vil kunne ha svært ulike behov. Arbeidsoppgåvene vil difor bestå av kartlegging og utføring av tiltak retta mot den enkelte pasient i tråd med gjeldande retningslinjer.
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjenning som sjukepleiar
- Relevant vidareutdanning, erfaring og kompetanse kan vektleggjast
- Meistre norsk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Vi ser etter deg som har interesse og engasjement for kreft, palliasjon eller blodsjukdomar
- Bidrar positivt i arbeidsmiljøet
- Er påliteleg og lojal til arbeidsplassen og kollegaene dine
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Kristina Aasen, seksjonsleiar, +47 91869218Arbeidsstad
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5028310810
Stillingsprosent: 60, 80%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 28.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Kristina Aasen
seksjonsleiar
+47 91869218
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ba56670d-a453-43fb-a676-fd8dd2ccc75a
- Hentet fra
talentech
- Referanse
160b25d2d0b846eaad23d5236d3f03c6