Sjukepleiar
Sengepost Medisin 3, Helse Møre og Romsdal HF
Molde sjukehus, 6412 Molde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Søk på jobben
Søk senest onsdag 13. august
Er du på jakt etter ein spennande og god arbeidsplass med fagfelta hjerte, infeksjon og geriatri?
Då har vi ledig stilling til deg på Sengepost Medisin 3 på det topp moderne sjuehuset vårt på Hjelset!
Vi har ledig faste stillingar samt vikariat, med oppstart etter avtale. Du kan gjerne kome med ønske om stillingsprosenten som passer deg.
Sengepost Medisin 3 har 28 sengeplassar fordelt på dei spennande fagfelta hjerte, infeksjon og geriatri. Vi har fagsjukepleiarar ved alle fagfelta og fagdag for alle tilsette i turnus.
Vi er ein god arbeidsplass der vi har eit solid fagmiljø og fokus på best mogleg pasientbehandling, tryggheit, kvalitet og respekt.
Her er det hyggelege og engasjerte kollega som vil ta godt imot deg, og arbeidsgleda her er stor! Vi tek vare på og rettleiar kvarandre.
Vi har fokus på samarbeid i kvardagen, og vi jobbar saman i team. Vi samarbeide også med fleire faggrupper gjennom dagen.
Turnusen er tredelt, med arbeid kvar 3.helg, og du får kome med ønsker om korleis legge vaktfordelinga best til rette for deg. Vi har starta utprøving av langvakter, med vidare utbredding til hausten. Med langvakter vil det verte arbeid kvar 4. helg. Langvakter er frivillig.
Høyrest dette interessant ut, så legg inn ein søknad, og ta gjerne kontakt om det er noko du lurer på.
Vi ønsker deg velkomen til å verte ein del av gjengen ved sengeposten vår!Arbeidsoppgåver
- Sjukepleie til akutt og kronisk sjuke pasientar
- Legemiddelhandtering
- Tverrfagleg samarbeid
- Gjere seg kjent med og halde seg oppdatert på sengeposten sine gjeldande prosedyrar og retningsliner
- Rettleiing av studentar og kollega
- Samhandling med kommunehelsetenesta
- Delta i forbetringsarbeid
Kvalifikasjonar
- Norsk autorrisasjon som sjukepleiar
- Du må meistre norsk både skriftleg og munnleg
- Relevant erfaring kan bli vektlagt
Personlege eigenskapar
- Du er ansvarsbevisst og likar varierte utfordringar
- Du er fleksibel, strukturert, samt fag- og løysningsorientert
- Du har evne til å arbeide i team og samarbeide med andre profesjonar
- Du bidreg til vårt gode arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her.Kontaktinformasjon
Mette Malme, Seksjonsleder, mette.malme@helse-mr.noArbeidsstad
Molde sjukehus6412 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4996267490
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 13.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a7957666-6075-4190-8f5c-c7b5d3548561
- Hentet fra
talentech
- Referanse
37c72c18f3804495aa1738e50f4ebc6d