Vikar som gartnar (forskningsteknikar) ved Bergen botaniske hage, Universitetsmuseet i Bergen
Universitetet i Bergen
Bergen botaniske hage på Milde, 5259 Hjellestad
Om jobben
- Stillingstittel
- Vikar som gartnar (forskningsteknikar) ved Bergen botaniske hage, Universitetsmuseet i Bergen.
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. februar
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAOm stillinga:
Universitetsmuseet
Universitetsmuseet i Bergen har omfattande vitskaplege samlingar inkludert levande samlingar i tre botaniske hagar, og er eit nasjonalt formidlingssentrum der forsking, samlingsforvalting og formidling er kjerneoppgåver som spenner over fagfelta antropologi, arkeologi, botanikk, geologi, kunst- og kulturhistorie og zoologi. Nærare informasjon om museet: http://www.uib.no/universitetsmuseet
Universitetsmuseet sine tre hageanlegg - Universitetshagane
Arboretet og Bergen Botanisk hage med tilhøyrande veksthusanlegg er samlokaliserte på Milde, 23 km sør for Bergen, medan Muséhagen ligg ved Naturhistorisk museum på Nygårdshøgda, sentralt på UiB sin campus.
Plantesamlingane blir brukte i formidling, forsking, undervising og rekreasjon. Vi formidlar kunnskap om planter og naturmangfald, og hagane er tilrettelagte for publikum med skilta vegar, stiar og planteinformasjon. Hagane har gode besøkstal gjennom heile året.
Seksjon for universitetshagane ligg under Avdeling for naturhistorie og har rundt 20 fast tilsette, i tillegg til ein del sesongarbeidarar. I seksjonen, som leiast av ein seksjonssjef, er det vitskaplege stillingar, ein overgartnar som har hovudansvar for teknisk drift av anlegga, og fire driftsleiarar som har ansvaret for dei daglege arbeidsoppgåvene som blir utførte saman med gartnarane/forskingsteknikarane.
Du kan lese meir om Universitetshagane: http://www.uib.no/universitetshagene
Om stillinga
Vil du bli medarbeidarar i vår vakre botaniske hagar i ein periode? Me søkjer etter ein person som vil vere med på laget vårt og som vil gjere ein fagleg forskjell i vår drift i perioden frå april til november 2026. Den som vert tilsett som vikar skal delta i den daglege drifta i Universitetshagane. Arbeid kan bli tildelt i alle delar av anlegga, men for tida er Bergen botaniske hage hovudarbeidsplass.
Arbeidsoppgåver:
Arbeidet inneber stell, drift og vedlikehald av planter og hageanlegg. Det ligg også til oppgåvene å delta i informasjonsarbeid mot publikum som nyttar hagen. Arbeidet vert utført ute heile året. Den som vert tilsett kan bli pålagt å bidra til ulike arrangement også i helger.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Vi søkjer etter ein gartnar med fagbrev, med fullført gartnarutdanning, arborist, tilsvarande utdanning eller lang erfaring, som også har:
- Erfaring frå stell av ulike planteslag
- Førarkort for bil og erfaring frå arbeid med ulike maskiner
- Har god helse då arbeidsoppgåvene til tider kan vera fysisk tunge
- God kunnskap om og interesse for planter
- God munnleg norsk eller minst eit skandinavisk språk, i tillegg vil gode kunnskapar i engelsk telje positivt
Ønskte tilleggskvalifikasjonar:
Følgjande vil telje positivt i vurderinga av søkjarane:
- Førarkort for tilhengar og erfaring i bruk av traktor
- Søkjaren har erfaring med anleggsarbeid
- Erfaring med miljøvenleg og berekraftig drift
- Kompetanse i bruk av digitale verktøy og god teknisk forståing til å kunne ta del i samlingsforvaltning; registrering, kartføring og arbeid i database
- Vi legg vekt på personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga. Du er ein medarbeidar som har gode samarbeidsevner, som likar å arbeide i team, men som også kan arbeide sjølvstendig
- Du må vere løysingsorientert, initiativrik og ha ei positiv innstilling
Vi kan tilby:
- Eit hyggeleg, utfordrande og til tider hektisk arbeidsmiljø i flotte omgjevnader
- Løn som forskingsteknikar (kode 1512) i årsløn som for tida utgjer kr 472.300 - 531.411 brutto etter kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn bli vurdert
- Medlemsskap i Statens Pensjonskasse
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: driftsleiar Solveig Knudsen, tlf. 40105389 solveig.knudsen@uib.no eller seksjonsleiar Berit Gehrke, tlf. 46627194, e-post berit.gehrke@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga.
Den som blir tilsett må rette seg etter de retningslinjer som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Aktuelle søkjarar vil bli invitert til et intervju.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Universitetsmuseet i Bergen – Les meir her
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
625dc4f8-5f94-4955-8522-ede4f537f6af
- Sist endret
12. januar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10276872
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Plantasjen
Sted
Godvik