Fagarbeidar i barnehage med spesialpedagogisk kompetanse
Skjåk Kommune Sentraladministrasjon
Moavegen 30, 2690 Skjåk, Skjåk, Innlandet
Om jobben
- Stillingstittel
- Barne- og ungdomsarbeider
- Oppstart
- Etter avtale
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 20. februar
Brenn du for å skape trygge og inkluderande kvardagar for barn? Skjåk kommune søkjer ein engasjert fagarbeidar med spesialpedagogisk kompetanse som vil vere med og gi barn omsorg, leik og utvikling i barnehagar der natur, fellesskap og fagleg kvalitet står i sentrum.
100 % fast stilling som fagarbeidar med spesialpedagogisk kompetanse
Vi har ledig 100 % fast stilling som fagarbeidar, for tida i Bismo barnehage.
Andre stillingar kan bli ledige i barnehagane i Skjåk, både heile og deltid, faste og mellombelse.
Er du trygg og engasjert, og brenn du for barn sin leik, utvikling og trivsel? Har du lyst til å vere med på å forme framtidas barnehage i ei bygd der naturen er ein del av kvardagen?
Om barnehagane våre
Skjåk kommune har per i dag tre barnehagar, men frå hausten 2026 vil ein ny barnehage stå klar i Bismo. Avdelingane Bismo barnehage, som i dag er midlertidig lokalisert ved sjukeheimen Skjåkheimen, samt Holemork barnehage, blir slege saman til ein barnehage. Dønfoss naturbarnehage ligg vest for Bismo med naturen som leikeplass og læringsarena. Felles pedagogisk plattform for alle barnehagane er under utvikling. Vi vektlegg godt fagleg miljø, engasjerte kollegaer, og meiningsfullt arbeid med barn i trygge og leikande omgjevnader.
Vi ser etter deg som
-
har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.
-
anna relevant utdanning eller erfaring kan også vere aktuell.
-
har vidareutdanning eller erfaring innanfor arbeid med spesialpedagogikk.
-
har erfaring frå arbeid med barn med særskilde eller samansette behov blir vektlagt.
-
er trygg i å sjå kvart enkelt barn, deltek aktivt i kvardagen, og som er fleksibel og tilpassingsdyktig.
-
er engasjert i barnehageyrket, trivst ute i all slags vêr, og har gode evner til samarbeid og kommunikasjon.
-
arbeider målretta både sjølvstendig og i team, har interesse for fagleg utvikling, og har gode norskkunnskapar.
-
har grunnleggjande kjennskap til bruk av IK
Arbeidsoppgåver
-
Fylgje opp barn ved vedtak om spesialpedagogisk hjelp
-
Gje barna omsorg, tryggleik og støtte i kvardagen.
-
Bidra til pedagogisk opplegg i samarbeid med pedagogisk leiar.
-
Leggje til rette for leik, fysisk aktivitet og kreativ utfalding.
-
Støtte barn i språkutvikling og sosial kompetanse.
-
Ha god dialog og samarbeid med føresette.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Skjåk kommune ønskjer eit mangfald i personalgruppa og oppmodar særleg menn til å søkje.
Det er krav om godkjent politiattest i alle stillingar.
Hjå oss får du
-
tilsetting på kommunale vilkår og løn etter avtale.
-
pensjonsordning i KLP.
Har du spørsmål?
Ta gjerne kontakt med styrar Heidi Jevnheim -- tlf. 901 93 957 eller dagleg leiar i Bismo barnehage Karin Fjerdingren -- tlf. 980 64 714
Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dersom du ønskjer unntak frå offentlegheit, må dette grunngjevast særskilt.
Elektronisk søknadsskjema
Vil du vite meir om oss?
Tilflyttarkonsulenten vår kan vere til støtte når du skal finne eigna bustad, gje deg nyttig og nødvendig informasjon, og ikkje minst hjelpe deg med å finne din plass i Skjåk. Ta kontakt gjerne kontakt med Heidrun Israelsen, prosjektleiar for Sats på Skjåk - tlf. 99427902.
Meir informasjon om å livet i bygda finn du på www.skjak.no
Sletting av studielån
Visste du at når du er busett i Skjåk, samt er yrkesaktiv i eller utanfor kommunen - da kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år?
Les meir om Sletting av gjeld i utvalgte kommuner
Kontakt
Heidi JevnheimKonstituert styrar, Bismo og Dønfoss barnehagar
Telefon 61 21 48 32 Mobil 901 93 957 Karin FjerdingrenDagleg leiar Bismo/Holemork barnehage
Mobil 980 64 714Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Skjåk kommune er ein spennande fjellkommune som ligg øvst i Gudbrandsdalen. Kommunen har ca 2200 innbyggarar med kommunesenteret i Bismo. I Skjåk er det eit variert næringsliv innan industri, handel, reiseliv og tenesteyting. Ny barne- og ungdomsskule, barnehagar, godt utbygde helse- og omsorgstilbod, idrettsanlegg med symjebasseng, hall og friidrettsanlegg, kulturskule, bibliotek, skianlegg og mykje meir. Industri, landbruk og handverksbedrifter tilbyr moderne og tradisjonsrike produkt. Skjåk samarbeider tett med kommunane både aust- og vestover. I Skjåk har vi ein køfri kvardag med tilgang til fantastiske natur- og fritidsaktivitetar. Breheimen og Reinheimen nasjonalpark gjev moglegheiter for varierte naturopplevingar. Her kan du dyrke aktivitetar som fotturar, sykling, elvepadling, juving, toppturar på ski, fiske og jakt.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6205aa1a-3cdf-4c8c-9a1a-47f813876d0b
- Sist endret
5. februar 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
6205aa1a-3cdf-4c8c-9a1a-47f813876d0b
Lignende annonser
Barne- og ungdomsarbeider
Arbeidsgiver
Skjåk Kommune Sentraladministrasjon
Sted
Skjåk, Skjåk, Innlandet
Pedagogisk leder i barnehage
Arbeidsgiver
Skjåk Kommune Sentraladministrasjon
Sted
Skjåk, Skjåk, Innlandet
Arbeidsgiver
Diakonistiftelsen Røysum
Sted
Jaren