Hopp til innhold

Læreplass barne- og ungdomsarbeider 2026

Arbeidsgiver

Øystre Slidre kommune

Sted

Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes

Om jobben

Stillingstittel
Læreplass barne- og ungdomsarbeider 2026
Type ansettelse
Lærling, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 12. april

Øystre Slidre kommune har  ledig læreplass i  barne- og ungdomsarbeidarfaget frå hausten 2026


Som lærling hjå får du ein plan for opplæringa, og du jobbar mellom anna i barnehage, på skule/SFO og på ungdomsklubben.  Vi har dyktige og erfarne rettleiarar som kan hjelpe deg gjennom opplæringsløpet.  Som lærling skriv du lærekontrakt og arbeidsavtale. Du har dei same rettane og pliktene som andre arbeidstakarar i kommunen. 
Etter 2 år som lærling går du opp til fagprøve. Øystre Slidre kommune er tilknytta Valdres opplæringskontor. 
Søkjarar til læreplass må sende søknad med vitnemål/karakterar frå Vg1 og Vg2 (kan leggast til i webcruiter). Gje ein kort beskriving av kven du er, og skriv gjerne kvifor du ynskjer læreplass i vår kommune.     
 
Søkjarar til læreplass blir vurdert fortløpande.



Arbeidsoppgåver

Barne- og ungdomsarbeidaren skal bidra og delta i  aktivitetar og læringssituasjonar i mellom anna barnehage og skule/SFO. Ein barne- og ungdomsarbeidar jobbar med grupper og enkeltpersonar med ulik bakgrunn. Du skal jobbe ut frå barn og unge sine føresetnader som alder, funksjonsnivå og livssituasjon.
Jobben  er å vere med barna i aktivitetar og daglege gjeremål,og samtidig planlegge og tilrettelegge aktivitetane. Du skal vere vaksenperson som dei kan forhalde seg til.
Som lærling får du god opplæring i dei oppgåvene ein barne- og ungdomsarbeidar skal kunne utføre, slik at du kan gå opp til fagprøve når læretida er over.

Kvalifikasjonar

  • Bestått teori i faget og registrert i VIGO
  • Det er krav om politiattest

Personlege eigenskapar

  • Du må vere motivert for å vere lærling, og for å tileigne deg kunnskapen du treng gjennom læretida
  • Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting

Vi tilbyr

  •  Midlertidig tilsetjing i læretida på to år og løn som lærling
  •  Kvalifiserte og dyktige rettleiarar
  •  Eit hyggeleg læringsmiljø
  •  Eit variert og utfordrande arbeid

Kontaktinformasjon

Dagny Viola Björklöf, Styrar Beito barnehage, +47 99500955
Anne-Kari Gjerdalen, Styrar Rogne barnehage, 95733837

Arbeidsstad

Bygdinvegen 1989
2940 HEGGENES

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune

Referansenr.: 5091288819
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Søknadsfrist: 12.04.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Anne-Kari Gjerdalen

Styrar Rogne barnehage

95733837

Dagny Viola Björklöf

Styrar Beito barnehage

+47 99500955

Om bedriften

Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter. 

Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge.  Velkommen til rein naturglede!

Reiseliv og jordbruk er blant dei største  næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.

Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt  tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu. 

Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.

Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

61a0c071-6d9d-4e15-acfd-62e512c24734

Sist endret

12. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

ac00a94203ef46ada2bfaedd982308eb

Lignende annonser

Laster lignende annonser