Hopp til innhold

Sommarvikarar Matforsyning 2026

Arbeidsgiver

Førde sentralsjukehus og Nordfjord sjukehus - Helse Førde

Sted

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde, Sjukehusvegen 9, 6770 Nordfjordeid

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Sommarvikarar Matforsyning 2026
Oppstart
20. juli 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
11
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Kjøkken, kantine/kafè og mottakskjøkken treng arbeidsvillige og dyktige ferievikarar: 
  • Veke 26 - 33:                                22.06.2026 - 16.08.2026
  • Førde sentralsjukehus (FSS):    100% - 8 stillingar og 80% - 2 stillingar
  • Nordfjord sjukehus (NSH):        100% - 1 stilling

Sommarvikarane deltar i alle oppgåvene som er knytt til dei postane dei vert sett til å arbeide i lag med våre faste tilsette. Du vil få opplæring i lag med dei.

Det vert krevd gode kommunikasjonsevner - du vil treffe mange mennesker i løpet av ein dag og det krev ein imøtekommande og hyggelig matvert. 
Du bør kunne arbeide minst 6 veker samanhengande, helst fleire. 


Arbeidsoppgåver

  • Du skal vere med å servere mat, vaske opp etter måltida, tillaging av mat til kantine, kafè og til pasientar 
  • Varemottak - vareleveransar skal inn på rett kjølerom o.l. Kolonialvarer til sengeavdelingar, kantine og kafè
  • Reinhald - dagleg og sommarreingjering (årleg) 

Mobiltelefon er ikkje tillat å bruke i arbeidstida

Kvalifikasjonar

  • Det er ein fordel med relevant arbeidserfaring, men ikkje noko krav 
  • Gode kunnskapar i norsk både skriftleg og munnleg
  • Søkjar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftlig og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Må kunne arbeide sjølvstendig og vere frisk og rask
  • Vere fokusert på arbeidsoppgåvene
  • Må være fylt 17 år 

Vi tilbyr

  • Sommarjobb i Matforsyning i Helse Førde gjere seg godt på CV-en og vi er ein populær arbeidsplass for arbeidsvillig ungdom!   
  • Vi tilbyr ein arbeidsplass der du kan både lære mykje og å kjenne på ein travel arbeidsdag
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

#Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Elin Haugen, Seksjonsleiar, +47 578 39 682

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 5038630675
Stillingsprosent: 100, 80%
Vikariat
Startdato: 20.07.2026
Sluttdato: 16.08.2026
Søknadsfrist: 23.02.2026

Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

615ecb7a-cd4a-483f-a240-f26d91b93c9a

Sist endret

24. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

b684f17064ee479190d007ee1500f6fb

Lignende annonser

Laster lignende annonser