Sveio kommune søkjer ein engasjert og tydeleg kommunalsjef - helse og omsorg
Sveio kommune
Sveiogata 70, 5550 Sveio
Om jobben
Stillingstittel
Kommunalsjef - helse og omsorg
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 10. juni
Sveio er eit samfunn beståande av fleire lokalsamfunn, kjent for sitt vakre kystlandskap. Me trur på styrken i eit godt lokalsamfunn som fundament for livskvalitet, og søkjer deg som vil bidra til at Sveio held fram med å vere ein attraktiv stad å leva og bu.
Me ser etter ein utviklingsorientert, engasjert og støttande kommunalsjef for helse og omsorg, som ønskjer å delta aktivt i prosessar og ta del i ansvaret for viktige samfunnstenester. I denne sentrale leiarrolla får du ansvaret for fem einingar: pleie og omsorg, helse og rehabilitering, habilitering, NAV og barnevern. Saman skal me løysa viktige oppgåver – frå helsefremjande arbeid til verdig omsorgstilbod i alle livsfasar.
Ansvar og arbeidsoppgåver
- du vil ha det overordna for tenestene innanfor helse- og omsorgssektoren
- du vil ha ansvar for den strategiske utviklinga av området og inngå i den strategiske leiargruppa til rådmannen
- ha det overordna resultat-, budsjett-, fag- og personalansvaret
- du vil arbeida tett saman med engasjerte einingsleiarar for å vidareutvikla tenestetilbodet
- ansvar for å utarbeida avgjerdsgrunnlag innan området, samt samhandla med politisk nivå på vegner av rådmannen og syta for god informasjon og innsikt
Din profil
Først og fremst ønskjer me at du er ein leiar som er tydeleg, trygg, med ei sterk evne til å sjå heilskapen og å motivera andre. Du har evna til å tenkja strategisk og innovativt, utfordra og tilpassa tenester og organisasjon i takt med endringane i samfunnet. Du vert driven av å skapa samanheng og utvikling, og har mot til å prioritera.
Vidare ser vi for oss at du
- er ein samfunnsbyggjar som er genuint oppteken av menneske og samhandling
- evner å leia og utvikla team på tvers av einingar
- er driftig, nytenkjande og har gjennomføringsevne
- har god rolleforståing og evner å ta avgjerder som balanserer mange omsyn
- har kjennskap til kommunal verksemd
- har relevant høgare utdanning
- har god digital forståing
- har leiarerfaring inkludert erfaring frå å leia fagpersonar med høg fagleg kompetanse
- god forståing for gjeldande lovkrav og forventningar til tenestene
Kor personleg eigna du er til stillinga vil bli vektlagt høgt i vår vurdering.
Kvifor Sveio kommune?
- Ei sentral rolle i toppleiinga i ein kommune i ein spennande region
- Ein organisasjon med sterk eigarskap til ansvarsområda sine
- Ein hektisk kvardag i ein kommune i kontinuerleg utvikling
- Mogelegheit til å gjera ein forskjell
- Konkurransedyktige vilkår, fleksibilitet og gode pensjons- og forsikringsordningar
Det vil utarbeidast offentleg søkjarliste. Søkjarar kan be om at søknaden får fritak frå offentleg innsyn. Det må i så fall givast ei grunngiving for dette i søknaden. Etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli gjord offentleg sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjarar som ev. ber om unntak frå offentlegheit vil bli kontakta særskilt dersom nærare grunngiving ikkje automatisk fyller kriteria.
Søknadsfrist: 10.06.2025 – me vurderer søknadar fortløpande.
Ønskjer du meir informasjon om stillingen?
Ta kontakt med vår rekrutteringspartner HAMNØY ved rådgivarane
- Espen Gismervik, tlf. 912 49 465
- Allette Solberg, tlf. 900 20 132
Vis di interesse for stillinga ved å registrera CV-en og søknaden din snarast. Attestar og vitnemål legg du ved søknaden. Alle førespurnader blir behandla konfidensielt – også overfor oss i Sveio kommune i innleiande fase dersom det er ønskeleg.
Tiltredning etter avtale.
Kontaktinformasjon
Espen Gismervik, Rådgiver, 912 49 465, eg@hamnoy.noAllette Solberg, Rådgiver - research & analyse, + 47 900 20 132, as@hamnoy.no
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Sveio kommuneReferansenr.: 4972354331
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.06.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2946077
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3885230328c24927ab3e2a34c5b1ce39