Hopp til innhold

Sokneprest med tjenestested Lom, Garmo og Bøverdal

Arbeidsgiver

Nord-Gudbrandsdal prosti, Den norske kirke, Hamar bispedømme

Sted

Sognefjellsvegen 6, 2686 Lom

Om jobben

Stillingstittel
Sokneprest med tjenestested Lom, Garmo og Bøverdal
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 8. mars

2. gangs utlysning.

Det er ledig stilling som sokneprest Lom, Garmo og Bøverdal sokn i Nord-Gudbrandsdal prosti. 

Dei tre sokna har samanfallande grense med Lom kommune. Lom er ei fjellbygd med sterk og vakker natur og rike kulturtradisjonar. Delar av både Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen nasjonalparkar ligg innanfor Lom kommune, og bygde- og administrasjonssenteret Fossbergom (Lom sentrum) er nasjonalparklandsby. Fossbergom er òg trafikknutepunkt med ekspressbussar austover og vestover, og om sommaren òg sørover til Sogndal.  

Lom har eit rikt kulturliv med t.d. korverksemd og folkemusikk, og matkultur har sterke tradisjonar. Viktige næringsvegar er m.a landbruk, industri og turisme. Barnehagedekninga er god.   Jotunheimen vidaregåande skule, ein privat kristen skule, ligg i nærleiken med fleire tilbod, innan studiespesialisering og yrkesfag.
Lom kommune ligg i sentralitetklasse  6 , for sletting  av inntil kr.25 000 pr. år av studielån.
 
Folketalet ligg på omlag 2200, og 86 % er medlem i Den norske kyrkja. Det er stor oppslutning om konfirmasjon og kyrkjelege handlingar. Lomskyrkja er ei stavkyrkje opphavleg frå 1100-talet som ligg i Fossbergom. Om sommaren er ho eit mykje besøkt turistmål med rundt 40 000 turistar. Garmo kyrkje, ei langskipkyrkje frå 1879, ligg ved riksveg 15 om lag 15 km aust for Lom sentrum. Bøverdal kyrkje er ei åttekanta trekyrkje frå 1864. Ho ligg ved fylkesveg 55 om lag 20 km sørvest for Lom sentrum. Alle kyrkjene er rikt utsmykka med treskurd. Rett ved Lom stavkyrkje ligg Lom kyrkjelydshus, som òg blir nytta til messer, særleg om vinteren. 

Kyrkjekontoret held til i kommunehuset på Fossbergom. Det er fem stillingar i kyrkjestaben: Kyrkjeverje i 80%, kyrkjelydssekretær i 80%, organist i 75%, kyrkjetenar i 100% og ein kyrkjetenar i 50%. I tillegg samarbeider Lom og Skjåk om ein kyrkjelydspedagog i 50%. 

Alle sokna har nynorsk liturgi. Søkjer må kunne nytte både nynorsk og bokmål liturgi. Soknepresten må rekne med nokre gudstenester og kyrkjelege handlingar i prostiet elles, og nokre av dei andre sokna har bokmål liturgi.  

Ein gong i månaden kallar prosten inn til konvent for prestane i prostiet. Prostiet legg vekt på eit arbeidsmiljø prega av gode og føreseielege rammer, fagleg utvikling og eit godt kollegafellesskap.   

Den som blir tilsett må leggja fram politiattest utan merknad.

 


Arbeidsoppgaver

  • Soknepresten har oppgåver etter tenesteordninga for kyrkjelydsprestar.
  • Konfirmantundervisninga byrjar med ein helgetur til Trondheim, og ein deltek på HEKTA sin konfirmantweekend på Lillehammer.
  • Soknepresten har andakt eller messe på Lom helseheim ein gong i månaden.
  • Om sommaren er det nokre messer utandørs, m.a. på den gamle kyrkjetomta til Garmo stavkyrkje.
  • Soknepresten er medlem i Lom kyrkjelege råd og deltek i bereidskapsordninga i prostiet.
  • Sokneprestane i Lom og Skjåk samarbeider slik at dei har gravferdene båe stadar annankvar veke.  

Kvalifikasjoner

  • Cand.theol eller oppfyller kvalifikasjonskravet beskrevet i Tjenesteordningen for menighetsprester §3
  • Praktisk teologisk utdannelse
  • Beherske både nynorsk og bokmål

Personlige egenskaper

  • Den som vert tilsett må både vera sjølvgåande
  • Vera oppteken av god samhandling med andre tilsette og friviljuge.  

Vi tilbyr

En fin tenestebustad om dette er ynskjeleg.
Stillinga vert løna som 1555 sokneprest.
Innskot i offentleg pensjonskasse.
I tillegg til løna kjem særlege regulative godtgjersler.
Tilsettinga skjer i samsvar med gjeldande lov- og regelverk for tilsetting i Den norske kyrkja.

Arbeidsrettleiing blir tilbodne prestane i Hamar bispedømme.

 ANNET

Den som vert tilsett må rette seg etter endringar i ansvars- og arbeidsoppgåver samt tenestedistrikt som i framtida kan gjennomførast innanfor lov- og regelverk og tenesteordning for sokneprestar i Den norske kyrkja.

Hamar bispedømme skal vera ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av etnisitet, alder, kjønnsidentitet, funksjonsevne eller legning.  Me oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkja.
Dei som er interesserte i stillinga er velkomne på besøk i Lom å få omvisning på rekninga til bispedømmet. Ta kontakt for avtale.

Kontaktinformasjon

Birgitte Bentzød, prost, 41309564
Eli Bekken, Rådgiver, 62550350

Arbeidssted

Sognefjellsvegen 6
2686 Lom

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Den norske kirke

Referansenr.: 5076917789
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.03.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Eli Bekken

Rådgiver

62550350

Birgitte Bentzød

prost

41309564

Om bedriften


Nord-Gudbrandsdal prosti ligg i hjarta av Sør-Noreg og omfattar dei sju kommunane Lesja, Dovre, Sel, Nord-Fron, Vågå, Skjåk og Lom. Prostiet har store delar av dei mektige fjellområda Jotunheimen, Breheimen, Dovre og Rondane. I prostiet jobbar vi med å få til nye samarbeidsformer prestane i mellom og mellom sokna. Målsettinga er å byggje opp ei levande folkekyrkje for alle døypte og å opne kyrkjene for folks tru og kvardag.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

60efb9f0-85ea-46ad-8f69-834938beec9e

Sist endret

6. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

8c1713f699794afe93a85a468735ba8f

Lignende annonser