Hopp til innhold

Sjukepleiar til faste stillingar ved somatiske avdelingar

Arbeidsgiver

Helse Bergen HF

Sted

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar til faste stillingar ved somatiske avdelingar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
17
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 19. april

Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar som ønsker å jobbe ved somatiske einingar

Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa. 

Vi har ledig faste stillingar ved desse avdelingane:

 

Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjukepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke.


Arbeidsoppgåver

Avdeling for Fysikalsk medisin og ReHabilitering (AFMR) har ledig 100% fast stilling i 2-delt turnus og arbeid 3. kvar helg. ReHabiliteringsklinikken held til på Nordås, i nærleiken til Lagunen Storsenter. Her greier vi ut og behandlar menneske med medfødde og erverva skadar og sjukdom. Vi har to sengepostar med totalt 33 døgnplassar, her får du arbeide med komplekse medisinske problemstillingar, og spesialisert rehabilitering. 
Kontakt: Lisbeth Sparre, Tlf 55918484 eller Anja Margrethe Jordal, Tlf. 55918425.

Hud- og revmatologisk sengepost 
er ein spennande og variert arbeidsplass der du får anledning til å utvikle brei kompetanse innan både hud- og revmatologiske sjukdommar. Vi har ansvar for behandling, oppfølging og rehabilitering av pasientar med komplekse og samansette lidingar, og er den einaste sengeposten for hudpasientar på Vestlandet. I tillegg har vi regionalt ansvar for revmatologisk behandling i Hordaland. Hos oss møter du pasientar med ulike behov – frå akutte innleggingar til planlagde behandlingsforløp. Vi legg stor vekt på heilskapleg pleie, førebygging og opplæring av både pasientar og pårørande.
Arbeidet vårt er prega av tverrfagleg samarbeid, høg fagleg standard og eit sterkt fokus på kvalitet og pasientsikkerheit. Sengeposten disponerer 15 sengeplassar på vekedagar og 10 i helgane, og vi held til i moderne lokale i Hudbygget på Haukelandsområdet. Hos oss har vi tredelt turnus med moglegheit for langvakter kvar 4. helg.
Kontakt: Trude Gildestad tlf. 55974037.

Kirurgisk klinikk søker sjukepleiarar med driv og interesse for kirurgiske fag.
Ønsker du ein arbeidskvardag med fagleg breidde, varierte pasientforløp og gode utviklingsmoglegheiter? Ved Kirurgisk klinikk søker vi no sjukepleiarar som vil bli ein del av eit stort og spennande kirurgisk fagmiljø.
Klinikken vår har fem sengepostar, fire poliklinikkar, elektivt mottak/dageining og ei intensiveining for brannskadar. Våre fagområde er gastrokirurgi, urologi, karkirurgi, plastikkirurgi og dessutan bryst- og endokrinkirurgi.Vi har no ledige stillingar ved plastikkirurgisk poliklinikk og gastrokirurgisk sengepost. Undervegs i prosessen kan det bli ledige stillingar ved andre einingar/avdelingar i klinikken og søknaden din kan også bli vurdert for desse.

Har du eit spesifikt ønske om kvar du vil jobbe – eller er du nysgjerrig på fleire fagfelt og seksjonar? Uansett håpar vi å høyre frå deg.
Kontaktperson: Stine Steen Nøttveit, tlf. 98877954.

Kvalifikasjonar (overskrift)

Nevrokirugisk avdeling søker sjukepleiar som trivst med eit høgt arbeidstempo, med god fagleg sjukepleie til pasientar i alle aldrar. Vi greier ut og behandlar vaksne og barn som treng kirurgisk behandling for skadar og sjukdommar i hjerne, nakke og rygg. Avdelinga har og landsfunksjon for stråleknivbehandling og behandling av vestibularisschwannom. Nevrokirurgisk avdeling har 25 senger inkludert ei overvakingseining på 9 senger. Vi har eit spennande, utfordrande og triveleg arbeidsmiljø. Vi satsar på fagutvikling og har mellom anna innarbeidd fagutviklingstimar i vår årsturnus. Vi legg stor vekt på kontinuitet i behandlinga av pasientane våre, og eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette. 
Kontakt: Åse Humberset, tlf. 55975662.

Nevrologisk akuttpost 
greier ut og behandlar sjukdom i nervesystemet. Vi er ein døgnpost med 30 senger, inkludert overvaking av hjerneslag og epilepsi. Hos oss treff pasientane eit kvalifisert team med tverrfagleg tilnærming. Vi kan tilby deg spennande, utfordrande, interessante og lærerike arbeidsdagar. Les meir om oss her.
Kontakt: Laila Kvalvåg, tlf. 55975041.

Hjarteavdelinga post 1s2v er ein stor hjartemedisinsk sengepost med 42 senger og ca 100 tilsette. Posten handterer både pasientar som treng hjelp straks og elektive pasientar. Vi har både lokal- og regionalfunksjon. Hovudgrupper av pasientar vi behandlar er pasientar med hjarteinfarkt og UAP, hjartesvikt, hjarterytmeforstyrringar og andre hjartemedisinske tilstandar som t.d. myokardit og perikarditt. 
Kontakt: Beate Solheim Hansen tlf 55972202.

Lunge post 1 – eit kraftsenter innan lungemedisin
Lunge post 1 er mellom dei største og mest avanserte lungemedisinske einingane i landet. Vi står i front innan pasientbehandling, utdanning og forsking, og er stolte av å vere ein leiande aktør på nasjonalt nivå. Her kombinerer vi sengepost med respiratorisk overvaking (ROE), og tilbyr høgspesialisert behandling til pasientar med komplekse behov.
Av våre 16 senger er inntil 8 dedikert til pasientar som trenger tettere respiratorisk oppfølging med respiratorisk støtte, som BiPAP eller respirator. Vi tar imot pasientar med alvorleg kols, respirasjonssvikt og lungebetennelse – og gir dei trygg, kompetent og omsorgsfull behandling i eit miljø prega av fagleg styrke og kontinuerleg utvikling.
Kontakt: Lillian Hopland, tlf. 55973552.

Lunge post 3 ​​​​​​​er ein sengepost med 22 sengeplassar. Avdelinga greier ut og behandlar i hovudsak pasientar med lungekreft, lungeinfeksjonar, KOLS og pasientar med cystisk fibrose. I tillegg har avdelinga eige luftsmitteisolat til pasientar med tuberkulose. Hos oss vil du få ein bratt læringskurve i trygge omgjevnader og vi kan tilby eit spennande fagfelt. Vi har 3-delt turnus med kvar 3. helg i årsturnus, med moglegheit for å påverke eigen turnus. 
Kontakt: Sandra Strømmen Hansen, tlf. 55973533.

Akuttmottak søker sjukepleiar med krav om minst 2 års relevant klinisk yrkeserfaring. Vi tar imot alle typar pasientar som treng ØH-hjelp, frå enkle problemstillingar til alvorleg sjukdom og skade. I gjennomsnitt kjem det inn 100 pasientar i døgnet, kring 40.000 pasientar kvart år. Vi tar imot pasientar som treng behandling eller vurdering i spesialisthelsetenesta på grunn av sjukdom eller skade. Pasientane blir tilvist frå fastlege eller legevakt, eller kjem direkte med ambulanse eller luftambulanse.
Kontakt: Anette Tvedt, tlf. 55977926.

Postoperativ seksjon er ein dynamisk og spennande arbeidsplass der ein overvakar og behandlar ca 12 000 pasientar årleg. Vi overvakar barn og vaksne, hovudsakleg etter generell kirurgi. Vi tar og imot eit stort antall øyeblikkelig hjelp og traumepasientar. Vi legg til rette for gode opplæringsplanar med fagsjukepleiar og kontaktsjukepleiar ved oppstart. Vi har allsidige arbeidsoppgåver og og varierte pasientgrupper: Ortopediske, kirurgiske og hovud-hals-pasientar. Ønskeleg med 2 års relevant erfaring og gjerne erfaring frå postoperativ avdeling, spesialisthelsetenesta. Erfaring frå kirurgiske pasientar er ein fordel. Vi har 3-delt turnus og jobbar 16 helgar på 52 veker. 
Kontakt: Mette Ravnøy, tlf. 55972436.

Bemanningssenteret

Vanskeleg å velge avdeling? Bemanningssenteret søker sjukepleiarar som vil jobbe på meir enn ein avdeling. Vi har ledig 100% faste stillingar med arbeid i snitt kvar 3. helg. Vi har årsturnus, og du har stor innverknad på eigen turnus. Her får du verdfull erfaring og ein variert arbeidskvardag.
Bemanningssenteret er sjukehuset sitt eige interne vikarbyrå. Hos oss får du fire fagdagar i året, møtepunkt kvar tredje veke og tett oppfølging av leiar og resten av teamet. 
Kontakt: Linda Greve Iversen, tlf. 55976900. 

Du må:
  • Du har eller får norsk autorisasjon innan sommaren 2026
  • Vere eigna til å jobbe med pasientgruppa
  • Erfaring frå helse- og omsorg er eit pluss, men ikkje eit krav
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare
  • For nokre avdelingar er det krav om tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr helsepersonelloven § 20a og politiregisterloven § 39 første ledd
Vi tilbyr:
  • Eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Gode utviklingsmoglegheiter – både fagleg og personleg
  • Lønn etter gjeldande avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Tilgang til vårt idrettslag – HSI – med mange aktivitetar og eit sosialt fellesskap

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Sjå kontaktperson, oppgitt for den enkelte avdelinga

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5105552444
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Sjå kontaktperson

oppgitt for den enkelte avdelinga

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

60d4d4dd-ee93-407b-9145-16be80cb0347

Sist endret

31. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

3784c4f62a044a889cebc126f695082b

Lignende annonser

Laster lignende annonser