Er du sjukepleiar eller vernepleiar med ønskje om langvakter?
Post 1 Nord, Bømlo kommune
Leirdalen 25, 5430 Bremnes
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar/Vernepleiar
Oppstart
1. november 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 31. oktober
Bømlo bu- og helsesenter ved avdeling Post 1 Nord har ledig 80% fast stilling som sjukepleiar / vernepleiar.
Me søkjer deg som er fagleg engasjert og som ynskjer å bidra til god sjukepleie og behandling av våre pasientar/bebuarar.
Stillinga inneber langvaktsturnus med arbeid kvar 4 helg, dvs. ein jobbar inntil 3 langvakter på rad for så å ha langfri ei veke.
Om avdelinga
Post 1 har 34 pasientrom fordelt over 3 etasjar, der kvar etg. fungerar som ei gruppe. Vårt mål er å skapa tryggleik og trivnad i eit positiv miljø for både bebuarar og tilsette. Me har god fagdekning, eit godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver.
Arbeidsoppgåver
- Utføre heilskapleg pleie, omsorg og medisinsk lindrande behandling.
- Gjennomføre sjukepleiefaglege prosedyrar i tråd med gjeldande rutinar og fagleg standard.
- Delta i sjukepleiervakter og bidra til kontinuitet og kvalitet i tenestetilbodet.
- Vere primærkontakt for utvalde pasientar, med ansvar for oppfølging og koordinering av tenester.
- Dokumentere helsehjelp og observasjonar i elektronisk journalsystem.
- Samarbeide tverrfagleg med tilsynslege, fysioterapeut, ergoterapeut, sjukehus, pårørande og andre relevante aktørar.
- Følgje opp pasientar og pårørande med fokus på tryggleik, informasjon og støtte.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar.
- Meistrar norsk godt både munnleg og skriftleg.
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetting etter helse og omsorgstenestelova § 5.4.
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som:
- Jobbar sjølvstendig og samarbeidar godt med andre.
- Er god til å vurdere, prioritere og iverksette.
- Har gode kommunikasjonsevner og er løysingsorientert i di tilnærming.
- Er lojal og fleksibel.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt di motivasjon for stillinga.
Vi tilbyr
- Ein spanande arbeidsplass med varierte oppgåver og faglege utfordringar i ein flott kommune.
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
- Mogleg medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med avdelingsleiar Leif Christian Andersen.
Kontaktinformasjon
Leif Christian Andersen, Avdelingsleiar, 908 93 242, Leif.Christian.Andersen@bomlo.kommune.noMonica Smedsrud, Verksemdleiar, +47 404 85 607, monica.smedsrud@bomlo.kommune.no
Arbeidsstad
Leirdalen 255430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 5028768940
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.11.2025
Søknadsfrist: 31.10.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 500 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 800 årsverk, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
60998b7c-67b3-417b-b168-ef8c51dad887
- Hentet fra
talentech
- Referanse
eca7db693a94413baf678844d7068dfc
Lignende annonser
Sjukepleiar
Arbeidsgiver
Bømlo heimetenester
Sted
Bremnes
Sjukepleiar, spesialajukepleiar
Arbeidsgiver
Stord kommune
Sted
Stord
Arbeidsgiver
Stord kommune
Sted
Stord