Fast stilling som sjukepleiar
Bømlo heimetenester
Leirdalen 25, 5430 Bremnes
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Oppstart
1. desember 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 29. oktober
Er du ein engasjert sjukepleiar som ønskjer faglege utfordringar i ein innhaldsrik og variert arbeidskvardag? Då ynskjer me deg velkommen til oss i Bømlo heimeteneste. Stillinga inneber turnus med arbeid kvar 3. helg eller arbeid kvar 4. helg med langvakter.
Om oss
Me tilbyr spanande jobbmoglegheiter i eit inkluderande og utviklingsorientert fagmiljø, med fokus på digitale løysingar og velferdsteknologi. Heimetenesta er inndelt i tre geografiske soner; sone sør, sone aust, og sone sentrum, der sjukepleiargruppa jobbar på tvers av sonene. Hos oss får du arbeide med heimesjukepleie, matombringing, heimerehabilitering, praktisk bistand, dagtilbod for eldre og brukarstyrt personleg assistanse. Målet vårt er å støtte brukarane til å meistre eige liv i eigen heim eller tilrettelagt bustad. Me ser fram til å høyre frå deg!
Oppstart etter avtale.
Arbeidsoppgåver
Me jobbar i team med stor grad av sjølvstende og med pasienttryggleik i fokus. I tillegg samarbeidar me tett med ulike fagmiljø internt i kommunen; fastlegane, korttidsavdelingen, tenestekontoret, ergo/fysio, psykisk helse og fleire område i spesialisthelsetenesten.
Hos oss vil du:
- Utføre praktiske sjukepleieoppgåver og tiltak, samt observere brukars tilstand og behov.
- Samarbeide og rettleie andre yrkesgrupper innan eige fagområde.
- Delta i tverrfagleg samarbeid med ulike fagmiljø internt i kommunen.
- Samarbeide med brukarar og pårørande.
- Ha ansvar for dokumentasjon og enkelte administrative oppgåver.
- Halde deg fagleg oppdatert og bidra til utvikling av tenesta.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjent sjukepleiar.
- Førarkort
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4.
Personlege eigenskapar
- Du trivst med variert arbeid, er fleksibel og tilpasningsdyktig i møte med nye oppgåver og situasjonar.
- Du arbeider sjølvstendig samtidig som du bidreg aktivt i samarbeid med andre.
- Du har eit engasjement for fagleg utvikling og god pasientomsorg.
- Du har evne til å sjå løysingar og ser moglegheiter i endringar.
- Du bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Vi tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune.
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
- Som tilsett får du tilbod om medlemskap i velferdsklubb som gjev tilsettegoder.
Andre opplysningar:
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
- Vi gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentleg søkjarliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vera særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Synest du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar som stadfestar tidlegare arbeidsforhold. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.
Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med avdelingsleiarar May Linn Bortne eller Inger Lise Agasøster.
Kontaktinformasjon
Hilde Markhus, Verksemdsleiar, Bømlo heimeteneste, 909 49 278, Hilde.Markhus@bomlo.kommune.noMay Linn Bortne, Avdelingsleiar v/Sone sentrum, 917 63 643, May.Linn.Bortne@bomlo.kommune.no
Inger Lise Agasøster, Avdelingsleiar v/Sone aust, 909 49 278, Inger.Lise.Agasoster@bomlo.kommune.no
Arbeidsstad
Leirdalen 255430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 5025184433
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.12.2025
Søknadsfrist: 29.10.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 500 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 800 årsverk, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2c9f4e18-7ebd-4fca-91a8-7849f2ac875c
- Hentet fra
talentech
- Referanse
88fb172a41cb4400a80c3c5697ac8b2e