ID 2376 Vernepleiar/sjukepleiar - Eining for habilitering
Stord kommune
Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Vernepleiar
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 19. oktober
Kjøtteinsvegen og Saghaugen er to bufellesskap som ligg sentralt i Leirvik og er organisert under ein leiar. Bufellesskapa er ein del av Eining for habilitering og gir tenester til dei som bur i bustadane. Kjøtteinsvegen har 4 bustadar og Saghaugen har 6. Kjøtteinsvegen er ein del av Tunet burettslag og høyrer til STOBO, medan Saghaugen er eigd av Stord kommune og bebuarane leiger sine bustadar.
Me har ledig 100% fast stilling som vernepleiar i turnus med dag/kveld og langvakter frå 01.11.25.Stillinga har arbeid kvar fjerde helg. Eining for habilitering nyttar årsturnus.
Vernepleiar (sjukepleiar) har:-
Ansvar for at det blir gjennomført observasjon og kartlegging av funksjonsnivå og laga mål og tiltak etter desse
-
Ansvar for å evaluera mål og tiltak
-
Ansvar for legemiddelhandtering og opplæring
-
Ansvar for opplæring og rettleiing i høve hovuddiagnosar og tilleggsdiagnosar, og tilretteleggja miljøarbeid utifrå desse
-
Rettleia anna personale i faglege og etiske spørsmål. Blant anna om tvang og makt etter Helse- og omsorgstenestelova kap. 9, og Lov om pasient- og brukarrettigheter, kap. 4 A.
-
Førebygga og identifisera bruk av tvang og makt i miljøarbeidet
-
Ansvar for utforming og oppfølging av tvangsvedtak
-
Motivera og rettleia studentar, lærlingar og nye tilsette
-
Autorisert vernepleiar.
-
Autorisert sjukepleiar med relevant erfaring kan bli vurdert
-
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg.
-
Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
-
Eit positivt og godt arbeidsmiljø med spennande arbeidsoppgåver
-
Engasjerte kollega med ulik erfaring og kompetanse
-
God opplæring og oppfølging
-
Inkluderande arbeidsmiljø - IA bedrift
-
Bedriftshelseteneste
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av diverse utstyr
-
Lønn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
-
Offentlig tenestepensjon
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson: Assisterande avdelingsleiar Siv Hilde Solsvik, tlf 952 83 667 eller einingsleiar Esther Aasen Bjelland
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stord kommune er ein stolt industrikommune i Vestland med over 19 000 innbyggjarar. Me er ein <<liten by for det heilt store>>! Her er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv, kulturliv og frivillig sektor. Stord kommune ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger og er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland. Kommunen er ein kompakt vekstkommune som legg til rette for framtidas næringsliv, heiar på samskaping og samarbeid, satsar på inkluderande fellesskap og grøn byutvikling, og ynskjer å forvalta våre natur- og friluftsområde og den nære strandsona til beste for fellesskapet.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
24aaffab-70ef-48ca-b5ef-7a5dd4c4df29
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
24aaffab-70ef-48ca-b5ef-7a5dd4c4df29