Tilkallingvikar, praktisk bistand- Vartdal helsetun
Omsorg og sjukeheim, Ørsta kommune
Håkonsgata 78, 6150 Ørsta, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Tilkallingsvikarar - Omsorg og sjukeheim
Type ansettelse
Vikariat, deltid 1%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 31. oktober
Ved vartdal helsetun er det behov for fleire dyktige tilkallingsvikarar for å jobbe i praktisk bistand.
Heimehjelp/praktisk bistand omfattar veiledning og praktisk hjelp i heimen. Det er fokus på forebygging og støtte opp under brukar sine eigne ressursar i oppgåver som mellom anna reingjering, skifte sengetøy, klevask og bestille daglegvare.
Vi søkjer etter engasjerte og omsorgsfulle vikarar som vil jobbe med menneske! Erfaring frå helse og omsorg er ein fordel, men ikkje eit krav – opplæring vil bli gitt.
Tilkallingsvikarar vert tilsett med arbeidsavtale i kortare eller lengre periode. Mynde til å gjere slik tilsetting er delegert til den einskilde avdelingsleiar. Tilsetting skjer fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Utøving av praktisk hjelp i heimen
- Utøving av helsetenester til mottakarar av heimetenester
- Bidra til å skape gode og meiningsfulle dagar for dei som mottek tenester
- Samhandle med brukar, pårørande og andre samarbeidspartar
- Utføre oppgåver i tråd med vedtak og gjeldande prosedyre
- Veiledning og opplæring av medarbeidarar
- Oppfølging og implementering av interne rutine og retningslinjer
Du må disponere eigen bil i tenesta
Kvalifikasjonar
- Det vert ikkje stilt krav om særskilt utdanning i arbeid som tilkallingsvikar, men helsefagleg eller sosialfagleg utdanning er ønskeleg
- Du må kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar
- Det vert stilt krav om gyldig politiattest ved tiltreding
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
Personlege eigenskapar
- Stabilitet og personlege eigenskapar vil verte vektlagde saman med utdanning og praksis. Referansar vert nytta.
- God i norsk munntleg og skriftleg
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du må ha interesse og gjennomføringsevne når det gjeld å gi brukarane godt innhald i dagane
- Du er fleksibel og har evne til å arbeide strukturert, både sjølvstendig og saman med andre
- Du har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
Ørsta kommune har gode forsikringsordningar i KLP for sine tilsette, som også inkl. frivillig ulukkesforsikring på fritida.
Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje.
Arbeidsvilkår: Dag/kveld inkl. helgar
Stillinga er plassert i HTA kap. 4.gr1 stillingar utan særskilt krav til utdanning
Stillingskode 6190 Heimehjelp
Tilsetting elles i samsvar med gjeldande lov- og regelverk.
Dokumentasjon
Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.
Om offentleglova
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Bente Lothe Eldholm, SakshandsamarArbeidsstad
Håkonsgata 786150 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 5012970495
Stillingsprosent: 1%
Vikar
Søknadsfrist: 31.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Bente Lothe Eldholm
Sakshandsamar
Om bedriften
Ørsta kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Heiltidskultur og inkludering
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.
Ørsta kommune skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn eller hol i CV `en. Tilsettinga skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av lov, tariffavtaler og reglement.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
605adeb5-aca2-41f1-8941-7d369e210328
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6f439e9ade7c4d2d98b49b82fe1d3449